Nynorsk er mangfald, inkludering og demokrati

Reell varig valfridom føreset at alle får god opplæring i både bokmål og nynorsk. Derfor må me halde på sidemålskarakteren.

Publisert

Nynorsk er eit av dei to offisielle skriftspråka i Noreg, bruksspråket til nesten dobbelt så mange som innbyggjarane på Island og vår viktigaste kulturarv. Eit språk tufta på dei norske dialektene, som vanlege folk kan kjenne seg igjen i og bruke i offentlege samanhengar. Det er ikkje berre ei målform, det er ein uvurderlig demokratisk og kulturell verdi. 

Som minoritetsspråk har styresmaktene eit særskild ansvar for at språkbrukarane får bruke og møte hovudmålet sitt i kvardagen. Dette ansvaret har høgresida gjort det klart at dei ikkje vil ta. Allereie før valkampen er i gang for alvor krev Sylvi Listhaug (FrP) utdanningsministerposten og er klokkeklar på ynsket om å skrote sidemålsordninga. 

Partiet hennar vil gjere sidemålsundervisninga «valfri», som ved tidlegare forsøk har vist seg å vere tilnærma null sidemål. Elevane som tok valfaget fekk eit svært dårleg undervisningsopplegg med lite oppfølging og mykje meirarbeid heime. Dette er berre eitt eksempel på at nynorsken blir diskriminert der ein ikkje set krav. 

Nynorsken blir diskriminert der ein ikkje set krav

Listhaug meiner at det er bortkasta tid å jobbe med «sidemål, gammalnorsk, og diktanalyse» når lese- og skriveevnene i norsk skule går ned. Det er derimot inga forsking som tyder på at ein får betre språkkunnskapar av å konsentrere seg om færre språk, snarare det motsette. Difor ser me at dei som skriv mykje nynorsk blir betre i bokmål enn dei som ikkje gjer det.

Så lenge me har karakterar i norsk skule er det all grunn til å halde på tre standpunktkarakterar i norsk. Norsk er kulturforståing, kommunikasjon, danning, og identitetsutvikling. Uansett kva du skal i livet, er du avhengig av å kunne kommunisere tydeleg og godt. Eit breidt ordforråd utvidar moglegheitene dine for dette, og som journalist, advokat, revisor, lærar, rådgjevar og ei rekke andre yrkestitlar må du kunne bruke nynorsk og bokmål om kvarandre.

Reell valfridom krev at ei god sidemålsopplæring gjev deg mogelegheit til å velje kva skriftspråk du skal bruke, både på skulen og resten av livet. Skulen pliktar å gje oss tilgang til heile det norske språket og sidemål gjev oss eit felles språkleg utgangspunkt. Å la det vere opp til 12-åringar å avgjere om dei vil innskrenke moglegheitene for framtida er direkte uansvarleg. 

Dagens sidemålsopplæring startar alt for seint og elevane møter nynorsken alt for sjeldan i kvardagen. Dersom alle hadde fått inn nynorsken frå byrjinga og fått høve til å lese tverrfaglege tekstar på nynorsk, hadde både haldningane og leseprøvene til elevane sett ganske annleis ut. Skal me styrke den språklege valfridomen og kompetansen her til lands, må me ha meir sidemål, ikkje mindre. 

Powered by Labrador CMS