Relatert innhold
Ikke noe innhold
NRK melder onsdag om ein bråbrems for matvareprisane med den lågaste veksten på fire år. Halleluja. Litt slack treng ein. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at veksten har dempa seg kraftig, noko som er ein ny trend. For etter at krigen i Ukraina braut ut for 4,5 år sidan og korona herja i verda har matvareprisane skutt i vêret.
– Mat har hatt femgongen i prisstigning når vi samanliknar med sko og klede, fortel økonomiprofessor Frode Steen på NHH til NRK. Men dette betyr diverre ikkje at maten blir billegare, kan NRK melde om. Prisane er jo allereie høge og vil ikkje synke med det første.
«Brems? Ring meg når giret er i revers», skriv ein brukar på Reddit. Eg kunne ikkje vært meir einig.