Plantetjuv på frifot

Potetskrella
naturhistorisk museum botanisk hage

Fredag 21. august blei ei sjelden plante stole frå Botanisk hage, som er ein del av Universitetet i Oslo. NRK og Uniforum omtalte tjuveriet først. Hagesjef Anneleen Kool fortel til NRK at det er tredje gong på nokre veker at plantar har forsvunne frå veksthusa, som derfor stengast inntil videre.

Offeret denne gongen var eit skjeldan eksemplar av ein sukkulent som høyrer heime i Sør-Afrika. Ei plante som er eit attraktivt handelsobjekt. Derfor mistenkjer Kool at det er ein tjuv som vil selge ho vidare som står bak.

– Det kan til og med vere profesjonelle, kriminelle nettverk, seier ho til Khrono.

Saka er meld til politiet. No har Kool gått til Khrono og spør publikum om hjelp: Sei ifrå dersom du ser noko kriminelt skje i den botaniske hagen. Og sjå opp for sjeldne sukkulenter fremover! Kanskje du finn den stjålne planta…

Powered by Labrador CMS