Demonstrasjonar mot ytre høgre

Potetskrella
latinamerika spania ytre høyre

I Santiago i Chile førre veke tok hundrevis av studentar og innbyggjarar til gatene. Dei protesterte mot eit møte for ein allianse av politiske parti og organisasjonar på ytre høgre frå Latin-Amerika og Spania. Dei siste åra har latinamerikanske land tatt ein politisk vridning mot høgre, og blant dei frammøtte var mellom anna den argentinske motorsagpresidenten Javier Milei.

Videoer frå Instagram viser kaos i gatene der demonstrantar blir møtt med vannkanonar og tåregass av politiet. Den nye presidenten i Chile, Jose Antonio Kast, er den mest høgreorienterte presidenten Chile har hatt sidan diktatoren Augusto Pinochet regjerte på 70 og 80-talet. Derfor benytta dei også mogelegheita til å opponera mot politikken til deira eiga president, som blant anna har kutta støtta til utdanning.

– Det som er klart er at denne regjeringen eigentleg ikkje veit kva studentane tenkjer, seier ein student til den chilenske avisa El Pais på Instagram.

Samtidig heidra dei ytre-høgre leiararne den nye politiske retninga i latinamerikanske.

– Desse nye leiarne jobbar utretteleg for å gjenoppretta fridom og velstand, sa Kast på møtet.

Powered by Labrador CMS