Slutt å teikne Afrika mindre

Eple-Emil
afrika fn usa

På fredag vedtok FNs generalforsamling eit nytt verdskart. Hittil har vi vore vane til Mercator-projeksjonen, originalt utvikla for navigasjon. Samstundes, bles den opp landa nære polane og krympar landa rundt ekvator.

No er FN-landa tilslutta eit nytt kart som skal representere land meir representativt. Eit eksempel på skeivheita i storleik i Mercator-projeksjonen er at Grønland ser ut til å vere på storleik med det afrikanske kontinent. I realiteten er Afrika 14 gangar større.

Det var Togo som fremma den ikkje-bindande resolusjonen på vegne av Den afrikanske union. Heile 164 land som stemte for forslaget, med berre ei stemme imot, nemleg USA. I ein begrunnelse seier USAs representant Yaryna Ferencevych at forslaget føyer seg inn i «eit radikalt ideologisk prosjekt». USA er eit av landa som sjølv krympar på det nye verdskartet.

Powered by Labrador CMS