Noregs beste

Potetskrella
universitetsrangering

Universitetet i Oslo (UiO) faller fem plassar på universitetsmålinga, Times Higher Educations, for 2027. Ikkje bra. Ein må halde nivået oppe! Fem plassar er ti for mykje. Redaksjonen vil helst at noregs største universitet held eit høgare nivå internasjonalt. Vi er rett og slett skuffa… Heldigvis er alle dei andre universiteta i Noreg lenger ned på lista. UiO er det beste universitetet i Noreg! Yes! Universitet i Bergen er den neste på lista, og kan smykke seg med ein 273. plass, tett oppfulgt av Trondheims stolthet NTNU på ein 299. plass. Oslomet, Oslos andre stoltheit, fikk diverre ikkje ein plass på lista. Men tidlegare i år kunne Khrono melde om gladnyheita at Oslomet hadde rast oppover på ein anna rangering! Center of World University Rankings! Universitetet plasserte seg på en 1360. plass, og klatra dermed 283 plasser på fem år.

– Det er alltid hyggelig å klatre oppover på målingar, fortalde rektor ved Oslomet, Christer Krogh. Men altså kor mange ulike målingar fins det for universitet? Shanghai er vel ei anna rangering. Det er ei forvirrande verd vi lev i. Alt skal rangerast. For eit samfunn…

Powered by Labrador CMS