Frå tårar til jubel!

Potetskrella
uio

Den siste uka har det vært massive protestar utanfor Universitetet i Oslo (UiO), meldar Khrono. Dei var utløyst av eit forslag frå leiinga av UiO: Leggje ned Universitetets barnehage og stoppe støtta til Blindern Barnestuer der barna til UiOs ansatte går. Det har ført til furore med underskriftskampanjar og demonstrasjonstog den siste tida.

— Viss dei legg ned barnehagane, skyt dei seg sjølv i foten, sa den nederlandske professoren Aike Rots til Khrono.

Onsdagens planlagte demonstrasjon ble imidlertid snudd til feiring. Universitetleiinga snudde i saken! I ein e-post kom det fram at dei ikkje vil fremme forslaga likevel.

Blant dei 80 frammøtte, foreldre og barn, på onsdag utanfor Lucy Smiths hus var Gudrun Cecilie Eikemo. Forelder i akjsonsgruppa som organiserte toget, samt studieleiar på GLOBE på UiO.

– No blir det feiringsparade med jubelrop og applaus i staden for protesttog, sa ho.

Powered by Labrador CMS