Relatert innhold
Ikke noe innhold
Forrige torsdag blei det bestemt at Studentersamfundet i Trondhjem og organisasjonene rundt ikkje skal sponsast av selskap som utvinn fossil energi. Det skriv Under Dusken. Med 136 stemmar for, 39 mot og ei blank stemme blei det avgjort med votering i Storsalen på Samfundet.
– Samfundet bør være ein sugarbaby med ryggrad, sa Tuva Mjelde Refsum, ein av forslagsfremmarane, frå talerstolen.
Det vil ikkje omfatte alle selskap som har noko med fossil energi å gjere, men dei som har det som hovudnæring. Finansstyret anbefalte midlertid Storsalen å stemma nei grunna Samfundets vanskelege økonomiske situasjon. Han peika mellom anna på store tap etter koronapandemien og fall i inntekt frå servering og underhaldning.
– Det er så prekært at om ingenting endrar seg, går vi mot konkurs i løpet av dei neste fem åra, sa nestleiaren i finansstyret Esten Melhuus.
Vedtaket gjeld også Studentmediane i Trondheim, som Under Dusken. Thor Tveito er leiar av Studentmediane. Han seier at dei overlev fint utan sponsoravtala dei tidlegare har hatt med Equinor.