Relatert innhold
Ikke noe innhold
100 prosent av undervisninga blir no nettbasert for Noroff.
Det skrivar VG. Noroff er ein privatskule som tilbyr høgskule- og fagskulestudium innan IT-fag og medieproduksjon. Allereie studerar ni av ti av studentane på nett, og dei
har to campus. Ein i Bergen og ein i Oslo. 30 stillingar berørast, men Noroff opplyser at desse er garantert jobb fram til sumaren og at dei ikkje har tatt nokon beslutning på kven
som mistar jobben enda.
– Dette er ei krevjande avgjerd, særleg for kollegaene
våre på campus, som har bygd sterke fag- og studentmiljø.
Men studentane har valt nett, og vi må følgje dei, sier Erik
Brandt, administrerande direktør i Noroff.
I 2021 hadde skulen 710 capusstudentar. I dag har dei
455 færre. I årsrapporten til Noroff beskriv dei at auka levekostnader påverkar antalet studentar som kan betale for
privatstudiar.