BOLTRAR SEG: Pony the Pirate speler på by:Larm, radio og Urørt-turné -- når dei ikkje er studentar, vel å merke.

Postmodernistisk pirat

Pony the Pirate skriv songar med blod og brusk, og meiner tekstane deira vil gjere seg godt som sosiologipensum.

Publisert Sist oppdatert

Pony the Pirate

  • Gruppe som består av Kurt André Aase (trommer og vokal), Ole Ådland (gitar og vokal), Camilla Sæle Merkesvik (gitar, pedalsteel, kornett og koring), Erik Nerheim (saxofon og vokal), Lene Notland (piano, fløyte og vokal), Kristian Harnes (tangentar og vokal), Elin Johannessen (glockenspiel, tamburin og vokal) og Joakim Johannessen (vokal og bass).
  • Vann Urørt-prisen 2009, og skal spele tre konsertar på by:Larm, i tillegg til at dei skal på Urørt-turne i fire veker.

– Folk vert overraska over at det er vi som har «Walk the shame». Dei trur vi berre covrar sangen, seier Kurt André Aase, trommis i Pony the Pirate.

Sangen, som har surra på NRK P3 i fleire månadar, sikra bandet Urørt-prisen 2009 laurdag 23. januar. Med energisk indie-rock klatra bandet til topps framfor poppis-band som Fjorden, Baby! og John Olav Nilsen og Gjengen.

– Eit skikkeleg kick, seier Lene Notland, som speler piano og fløyte.

– Ja, veldig kick, utdjupar Elin Johannessen, som speler glockienspiel og tamburin.

– Og veldig motiverande. Det gjev ein puff. Vi kan ikkje akkurat legge ned no, seier saksofonist Erik Nerheim.

Frekke når dei drikk

Bandet har akkurat vore og spelt på P3morgen når vi treff dei. For med ære og berømmelse kjem a-listing på radio, Urørt-turne i heile Noreg i vår, og ein hektisk speleplan på årets by:Larm.

– Vi skulle eigentleg spele fem konsertar i løpet av festivalen, men vi fekk kutta det ned til tre, seier Joakim Johannessen, som speler bass og syng.

– Slik at de rekk nokon øl mellom slaga?

– Eg trur det er litt ugunstig om vi skal drikke øl før konsertane iallfall, seier Joakim.

– Vi kjem berre til å spele dårlig, forklarar Kurt André.

– Det får først bli når vi er så kjente at vi berre brukar playback, seier Erik.

Alle ler.

– Vi er jo veldig hyggelige no, men når vi drikker vert alle kjempefrekke. Publikum kjem til å krevje oss kasta av scena fordi vi er så frekke, forklarar Joakim.

– Og det har sjølvsagt ingenting å gjere med at vi ikkje greier å spele når vi er fulle, svarar Erik.

Radioyndlingar

Pony the Pirate er, ifølgje bandet sjølv, oppstått litt i farten. Dei byrja spele saman hausten 2007, og først i haust har alle bandmedlemmene budd i same by.

I sommar vart dei lista på radio for første gong.

– Korleis er det å høyre sin eigen sang på radio. Skrur de lyden opp eller ned?

– Når «Walk the shame» kjem, skrur eg ned. Men ikkje i byrjinga, då tykte eg det var kjempekjekt, seier Joakim.

– Eg hadde ein spesiell oppleving første gongen eg høyrte songen på radio. Eg elska å køyre bil og høyre på musikk, og det var akkurat det eg gjorde den gongen. Eg var på veg i bil frå Flesland, også kom songen på. Det var eit ganske sterkt augeblikk, fortel Kurt Andrè.

Forvirra pirat

Namnet på bandet er ikkje tilfeldig vald. Pony, piraten altså, er ein liten forvirra gut som er ute for å finne svara på dei store spørsmåla, men han ender opp med å finne fleire spørsmål enn svar.

– Dei andre piratane ler av han, forklarar Kurt André.

– Eg veit ikkje om han treff så mange av dei andre piratane, seier Joakim.

– Jo, han treff jo dei på brygga når han kjem til ein ny by, meiner Kurt André.

– Han er jo ikkje på brygga, seier Joakim, og fortset:

– I Pirates of the Caribbean til dømes, vert jo Jack Sparrow arrestert med ein gong han kjem i land.

Diskusjonen går vidare om kor vidt det fins eigne piratlandsbyar, kor piratar som Pony kan få gå i fred, før Erik skjer gjennom og seier:

– Det einaste Pony finn i jakta på svar, er postmodernismen: det fins ingen svar.

– Kan tekstane dykkar dukke opp som pensum på Blindern om nokre år?

– Ja, eg trur det vil gjere seg veldig godt som sosiologipensum, seier Kristian.

Studenttidsklemma

Nærast alle bandmedlemmene er studentar i Oslo, noko som byr på utfordringar når våren er tettpakka med speleoppdrag, fire veker med Urørt-turne og innspelingar.

– Det vert vanskeleg å rekke over alt, men vi er jo kreative, så vi finn nok nokon gode kreative løysingar, seier keyboardist Kristian Harnes.

Gruppa på sju kan verke overdrivne lukkelege og harmonisert der dei sit og ler av kvarandre sine spøkar. Er glansbilete verkeleg ekte?

– Vi er lukkelege, men det er eit veldig interessant arbeid å samarbeide ei så stor gruppe, seier Lene.

– Ja, interessant er ordet, svarar Erik.

– Vi kan ikkje vere kranglete på alt mogleg. Vi må finne løysingar, og det er ikkje slik at vi stemmer over alle avgjersler akkurat, forklarar Joakim.

Det er han som skriv utkast til songane deira.

– Eg skriv skjelettet, også jobbar vi saman for å arrangere, slik at det får blod og brusk. Vi har ekstremt ulike preferansar, og vi prøver å halde på entusiasmen og energien i musikken vår, seier Joakim.

Fram med maling og klistremerke

Etter by:Larm startar turneen deira rundt i Noreg. Det store spørsmålet er sjølvsagt: Får dei buss med namnet deira malt på sida?

– Nei, det vel til å stå Urørt på den. Vi får heller male «Pony the Pirate» på sida sjølve, foreslår Joakim.

– Eller klistre det på med klistremerke, avsluttar Kurt.

Powered by Labrador CMS