KJENNER SEG TRYGG: Leiar for Faderullan Andreas Ringstad slit med sponsoravtalane, men ikkje med Øya-konkurranse.

Mistar artistar og frivillige til Øya

Dei store namna glimrar med sitt fråver i årets STUDiO-program, medan Fadderullan på BI ikkje merkar konkurransen frå Øya-festivalen.

Publisert Sist oppdatert
ENGASJERTE: På BI står dei frivillege i kø.
UROLEG: Leiar for STUDiO-festivalen manglar dei store namna på plakaten i år, men ikkje sponsorane.

FADDERULLAN

  • Fadderullan er BIs årlige fadderopplegg.
  • Kvart år deltek omlag 3000 ferske BI-studentar og 600 fadderar på festivalen.
  • Hovudtyngda av arrangementa skjer på Studentenes Hus i Nydalen (SHNAS).
  • Les meir om festivalen på www.fadderullan.no
  • STUDiO

  • Studentfestivalen i Oslo (STUDiO) er Noregs største årlige studentfestival, og har røter attende til 1947 då det for første gong vart arrangert ei Studenteruke.
  • Arrangementa går i hovudsak for seg i Festivalteltet på Blindern og på Chateau Neuf.
  • STUDiO er organisert av eit utvalg direkte under styret i Det Norske Studentersamfund (DNS).
  • STUDiO har årleg omlag 20 000 - 30 000 besøkande.
  • Les meir om festivalen på [http://studio.studentersamfundet.no](http://studio.studentersamfundet.no)

– Det har vore vanskeleg å booke artistar i år sidan vi kolliderer med Øya-festivalen, som har mange eksklusive avtalar. Vi har måtte grave litt djupare, og har funne band som er på veg opp. Vi har ikkje dei store namna, men heller dei som er i ferd med å verte det, seier Pio Rasch-Halvorsen, leiar for årets Studentfestival i Oslo (STUDiO).

I år er det band som Donkeyboy, My little pony og DJ-kollektivet Birdy Nam Nam som skal lokke studentane til den årlige oppstartsfestivalen, som vert arrangert på Chateau Neuf og i Festivalteltet på Fredrikkeplassen på Blindern. Rasch-Halvorsen meiner uansett at dei har noko å tilby dei nye studentane som kjem til Oslo denne veka.

Gratis frukost

– Vi har mykje anna enn musikk av ting som er relevant for studiekvardagen, som foredrag og debattar. I tillegg serverer vi gratis frukost i Festivalteltet kvar dag klokka tolv. Dette er eit lågterskeltilbod som syner at det ikkje berre er alkoholarrangement under STUDiO, seier han.

Kvart år er det mellom 20 000 og 30 000 innom STUDiO-festivalen. For at så mange skal finne noko dei er interessert i, har arrangørane prøvd å finne noko som kan treffe breitt, noko Rasch-Halvorsen innrømmer at kan vere ei hindring.

– Det er det sjølvsagt. Vi skal treffe mange, og ikkje berre tilfredsstille våre eigne personlige preferansar. Men det programmet vi har fått til, kan eg stå inne for. Vi har fått tak i artistar vi har kicka på sjølv, og som samtidig har brei nok appeal, seier Rasch-Halvorsen.

Vurderte å flytte festivalen

Ingen festival kjem seg av stabelen utan frivillige. Når både Oslo Jazzfestival og Øya-festivalen skal avviklast same veke som STUDiO, er det hard konkurransen om dei frivillige.

– Vi har merka det, men riv oss likevel ikkje i håret. Det er klart at frivilligheitsbasen vi skal plukke frå overlappar med Øya-festivalen sin, seier han.

– Har det vore aktuelt å flytte festivalen?

– Det var litt snakk om det for eit halvt år sidan, men vi såg då at innan tidsramma vi hadde, hadde vi ikkje kapasitet til å gjere det, seier Rasch-Halvorsen.

Veslebror i Nydalen

Parallelt med STUDiO, køyrer Studentforeningen ved BI (SBIO) i Nydalen i gang sin oppstartsfestival, Fadderullan, som kombinerer fadderopplegg og festival. Leiar for årets Fadderullan, Andreas Ringstad, seier dei ikkje har merka noko konkurranse frå Øyafestivalen.

– Eg trur heller vi er ein konkurrent for dei, men det er vanskeleg å seie noko sikkert før etter at billettane er seld, seier han.

Fadderullan har i følgje Ringstad opplevd ein overveldande straum av frivillige som vil vere med, når 3000 nye studentar skal starte BI-studie.

– Det gjenstår sjølvsagt å sjå om alle som har meldt seg stiller, men ut i frå entusiasmen vi har blitt møtt med, så skal ikkje dette vere noko problem, fortel han.

På programmet for årets Fadderullan står Postgirobygget, DDE og coverbandet Miami Heat. Arrangørane let seg ikkje skremme av at DDE ikkje greidde å selje ut billettane då dei spela på STUDiO-festivalen i fjor.

- Eg trur det er irrelevant kven som står på scena, folk vil delta uansett. Andreas Ringstad, leiar for Fadderullan på BI

– Eg trur det er irrelevant kven som står på scena, folk vil delta uansett. Det er meir stemninga og forventningane som gjer Shnas-kveldane våre så populære. Men sjølvsagt, DDE lager jo stemning som tek heilt av, seier Ringstad.

Han meiner årets program innfrir dei forventningane publikum har til kvalitet.

– I år har vi tre av dei desidert mest populære livebanda i Noreg. Det må vi sei oss nøgd med i desse festivaltider, seier Ringstad.

Knapt med sponsorar

Noko Fadderullan har slitt med, er å skaffe dei same sponsoravtalene som tidligare.

– Dei verkeleg store avtalene har vore vanskeleg å lande i år, sjølv om har vi lagt ned mykje arbeid på det området. Vi forstår situasjonen til bedriftene svært godt, og har jobba mykje meir med kostnadseffektivitet enn tidligare år, seier Ringstad.

STUDiO har på si side, merka lite til sponsornedgong.

– Ikkje direkte, særleg sidan vi deler sponsorar med Studentersamfundet, men vi har uansett vore opptekne av å lage ein rimeleg festival, seier Rasch-Halvorsen.

Powered by Labrador CMS