Kålhovud: Kina og Taiwan deler ein lang historie. Det er dette kålhovudet skjært ut av edelsteinen jade eit symbol på. Kålhovudet stod nemleg først utstilt i den Forbode By i Beijing før nasjonalistane tok den med seg til Taiwan i sin flykt frå Mao Zedong og hans kommunistiske troppar.

Det kinesiske dilemmaet

Eitt feil ord, og vi kan miste tilgang til landet vi har studert i mange år. Skal vi risikere det?

Publisert Sist oppdatert

«Vi er taiwanesarar», seier ein mann vi intervjuar under ein reportasjetur til Taiwan.

«Sjølv om resten av verda meiner vi er kinesiske. Kva meiner Noreg?»

Sjølv om passet vårt blei stempla med Taiwan då me landa på flyplassen i Taipei, meiner Noreg at vi er i Kina, Taiwan sin kommunistiske slektning. Det til trass for at Taiwan har 23 millionar innbyggjarar, eigen valuta, eiget militær og eigen regjering.Noreg og 171 andre land i verda tør ikkje å anerkjenne Taiwans sjølvstende. Gjer dei det, kan dei få store konsekvensar frå Kina, som ser på Taiwan som sin provins.

Sjølv om Kina veks og slår rot verda over, har vi tenkt at Kinas ideologi og verdiar ikkje har sjans til slå ann i eit land som Noreg. Vi kjem, til dømes, aldri til å tillate mediesensur.

Men det er ikkje så svart-kvitt. For sjølv når vi er på ein plass som ikkje er styrt av det kinesiske regimet, kjenner vi dei mektige kreftene frå Beijing luske i bakgrunnen. Dei står bak oss og med falkeblikk, slik Trump stod bak Clinton under presidentdebattane.

Medan vi ynskjer å levere god journalistikk, vil vi ikkje brenne bruer med Kina. Vi har begge brukt fleire år av våre liv til å studere den kinesiske kulturen og språket. Èin artikkel, og vi kan miste hovudkjelda til den kunnskapen.

Det er med ein liten klump i magen at vi skriv dette brevet. Vi stikk hovuda fram med meiningar som kan slå tilbake på oss ved seinare anledning. Usensurert.

For alt vi veit er skipet allereie gått. Det er ikkje nytt at det kan vere utfordrande å få visum til Kina. I 2015 blei den franske journalisten Ursula Gauthier sparka ut av landet for å ha kritisert regjeringas handtering av etniske minoritetar. Også norske forskarar og journalistar blir nekta inngang til den asiatiske stormakta.

Men på eit tidspunkt i karrieren vår må vi ta eit standpunkt – jo før jo heller. Vi kan føye oss etter dei journalistiske verdiane vi jobbar med i Noreg, men miste moglegheitene til å reise tilbake til Kina og rapportere frå innsida. Eller vi kan spele etter dei kinesiske reglane, unngå å skrive sakar som regimet ikkje vil vi skal røre, og risikere vår journalistiske integritet.

Erna Solberg og 171 andre statsleiarar har valt å leggje seg flate. Skal vi?

Powered by Labrador CMS