Studentbustander
Politisk strid om «slagghaug» i Nydalen
Det er brei politisk semje om at Oslo manglar studentbustadar. I Nydalen har likevel nettopp desse planane splitta politikarane.
Det er planane om nye studentbustader på ein slagghaug i Nydalen som har møtt politisk motbør i bydelsutvalet på Sagene.
Tomta ligg tett på BI, Akerselva og viktige kollektivknutepunkt, men ho er samstundes plassert i ei raud støysone og innanfor området til Akerselva miljøpark. Ei raud støysone er eit område med høgt støynivå, der bustader normalt ikkje er tilrådde. Desse omsyna har delt politikarane i bydelen.
Krav på bukvalitet
Leiar i bydelsutvalet på Sagene, Jørgen Foss (Ap), understrekar at utvalet ikkje er imot nye studentbustader, men kvar dei blir plasserte.
– Me har allereie fleire studentbustader i bydelen, og me ynskjer oss fleire. Men me meiner det må vera ein kvalitet i området der dei blir bygd. Det fortener studentane som skal studere, seier han.
Utvalet meiner den aktuelle tomta ikkje eignar seg. Den ligg i ei raud støysone.
– Det er eit område som ikkje er anbefalt. For oss handlar det om kvaliteten for dei som skal bu og leve her. Det er fleire merknader knytt til reguleringssaka, mellom anna dette med raud støysone, og grunnen det skulle byggast på, seier Foss.
Inga endeleg avgjerd
Foss meiner saka òg handlar om korleis ein ser på studentar og studietida.
– Eg har høyrt argument om at student er ein berre ein viss periode i livet, og derfor treng ein ikkje topp kvalitet. Men studietida er ei intensiv tid, og eg meiner studentane fortener god kvalitet rundt studentbustadene sine, seier han.
Studentane fortener god kvalitet rundt studentbustadene sine.
Foss understrekar samstundes at bydelsutvalet ikkje tek den endelege avgjerda i saka, men fungerer som høyringsinstans i planprosessen.
– Vår anbefaling er at ein ikkje byggjer her, men det er til sist Plan- og bygningsetaten som fattar vedtak. Det kan også bli overprøvd til bystyret, seier han.
Raud støysone er overdrive
Medan fleirtalet i bydelsutvalet legg avgjerande vekt på bukvalitet, støy og omsynet til Akerselva, meiner mindretalet at behovet for fleire studentbustader må vege tyngre.
I Sagene Høgre er dei usamde i vurderinga frå fleirtalet. Leiar, Jonas Økland, meiner bydelsutvalet stiller for strenge krav til bustadene.
– Når ein er student, så er dette ein mellombels buplass. Det viktigaste er å ha ein plass å bu, ikkje ein prima lokasjon og alt det beste, seier Økland.
Han peikar på at området i Nydalen ligg tett på BI, eitt stopp unna Blindern, og har kort veg til sentrum. Leiaren meiner argumentet om støysona blir overdrive.
– Dette området er i raud sone fordi ein har ein bilveg her. Men det bur folk rett ved sida av her, og dei overlever.
Akerselva mindre tilgjengeleg?
Økland meiner argumenta mot utbygginga ikkje held mål.
– Det finst alltid grunnar til å ikkje bygge, men det hjelper ikkje studentane.
Eit av argumenta mot utbygginga har vore at det vil gjera området langs Akerselva mindre tilgjengeleg. Dette kjenner Økland seg ikkje att i.
– Det blir sagt at ein vil sperre for gangstien. Det meiner eg er det dårlegaste argumentet. Hadde ein bygd her, kunne ein ha ordna ein fin gangveg på underkanten.
Ikkje eit naturområde
Tomta er eit grønt- og friområde langs Akerselva. Eit argument mot bygginga. Leiaren for Sagene Høgre meiner denne karakteristikken gir eit feil bilete.
– Dette er ikkje eit naturområde. Det er ein slagghaug. Det er ingenting her, seier han.
Dette er ikkje eit naturområde. Det er ein slagghaug. Det er ingenting her.
Han meiner politikarar bør vera meir pragmatiske i møte med plansaker.
– Ein kan ikkje berre sitje og lese sakspapir og seie at dette er eit grøntområde. Om ein er usikker, kan ein gå og sjå. Er dette noko ein ønskjer å ha i nærmiljøet sitt? Nei. Kan det brukast til studentbustader? Sannsynlegvis, seier Økland.
Sjølv om Høgre og Venstre stemte for utbygginga, fekk motstanden fleirtal i bydelsutvalet. Dermed er det framleis uvisst om prosjektet får gå vidare.
– Ein finn andre områder. Men då dreg ein det endå lengre ut i tid. Og så er det problem med det området òg, og slik held ein det gåande, seier Økland.
Perfekt for studentar
Studentskipnaden i Oslo (SiO) ønskjer å byggje studentbustader på tomta og har bede om oppstartsmøte for planarbeidet.
Administrerande direktør i SiO, Andreas Eskelund, peikar på at samskipnaden allereie har studentbustader i området.
«Vi har allereie Lillo Studenthus og Nydalen studentby i området. Plasseringa er veldig fin, og nærleiken til campus og kollektivtilbod er perfekt for studentar», skriv Eskelund i ein e-post til Universitas.
Han viser til at behovet for fleire studentbustader i Oslo er stort. Når det gjeld den raude støysona, meiner SiO at dette kan løysast gjennom utforminga av prosjektet.
«Vi har laga eit løysingsforslag der majoriteten av bustadene ligg borte frå støyutsett sone, og vi meiner at løysningsforslaget vårt ivaretar bukvaliteten på ein god måte.»
Sjølv om bydelsutvalet har gitt eit negativt høyringssvar, meiner SiO at saka ikkje er avgjord.
«Vi arbeider kontinuerleg med å sjå på andre moglegheiter for å byggje fleire studentbustader», avsluttar den administrerande direktøren.