Nøktern kvardagspoesi

Publisert

Anmeldelse

# Bare ukedager

# Av: Cecilie Aurstad

Forlag: Flamme forlag

Det er nesten flaut kor mykje underteikna kjenner seg att i hovudpersonen i Cecilie Aurstad sin debutroman. Ei ung journalistspire flyttar frå bygda og inn til Oslo for å studere. Ho får gode karakterar, men gjer heller lite for å få det til. Ho føler seg ubekvem i kollektivet ho bur i, og har ein homofil bestevenn. Gjennom dagboka hennar blir ein etterkvart godt kjend med korleis jenta tenker, og korleis ho taklar livet i byen. Etter diverse byturar møter ho etterkvart ein ustabil type, og innleier eit forhold til han. Eller kanskje meir eit laurdags natt- og søndags morgon-forhold.

«Ung jente møter ustabil gut» er eit kjend tema både i kvardagen og i litteraturen, men i denne boka kjennest det likevel annleis. Taxiturane ho og han tar frå Youngstorget klokka 03.30 til Deli de Luca og heim til kollektivet jenta bur i blir beskrive svært godt og til tider humoristisk av Aurstad. Ein får ikkje medynk med den forelska, litt bortkomne jenta, men ein kjenner seg heller att i korleis det kan vera å vera ung i 2012.

«Bare ukedager» er skrive i dagboksform, der ein lett får konnotasjonar til Twitter eller andre sosiale medier. Tekstane er korte, munnlege og rett på sak. «Skal dessuten aldri, i noen som helst slags sammenheng, si ’Gutta fra Calcutta’», skriv hovudpersonen i dagboka si, ein torsdag. Samtidig som ein ler og tenker at «det skal jommen eg heller aldri gjera», følest det nøkternt, konsist, og «spot on». Og slik er heile boka. Litt banal, kanskje, men i ettertid er det det som gjer at ein ikkje gløymer boka etter at siste side er lest.

Powered by Labrador CMS