Sjefen: Tor Haugnes, sjefen for entreprenørskolen på BI, var ansvarlig for at det hele gikk ned med bass.

BI: larm

Under bylarm arrangerte BI-studentar ein workshop i forretnings-ABC for artistar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er altfor lite snakk om økonomi i utdanninga. Det er mykje bra om teknikk og musikk, men for lite om korleis ein kan leve av det og gjere det til ein fungerande inntektskjelde, seier Bendik Finborud. Han studerer hjå Universitetet i Agder (UiA) sitt nyoppstarta artist og låtskriver-fordjuping innan musikkutdanninga og har kome til workshopen for å lære.

Særs viktig

Finborud meiner marknadsføringa og økonomien er dei mest interessante postane av workshopen, sjølv om alt er relevant for han som enno ikkje har byrja på artist-eventyret.

BI har som ein av by: Larm sine hovudsponsorar fått høve til litt sjølvpromotering. Det har kome i form at ein workshop for artistar som treng litt hjelp med forretningsbiten av yrket. I fem grupper er studentar organisert i kategoriar der deltakarane på workshopen får hjelp med økonomi, nettverksbyggjing, marknadsføring, søknadsskriving og utvikling av forretningsidé.

Studentar frå BI

– Det å vere artist kan samanliknast med det å starte ei bedrift. Du er artisten, og dermed er du både selgjar og varen som skal selgast. Det krever innsikt å starte og drive ein bedrift, sier arrangør og sjef for BI si entrepenørutdanning, Tor Haugnes.

Josefin Rönërfjell, økonomi og administrasjon-student hjå BI, sit bak posten for nettverksbyggjing. Ho skal hjelpe deltakarar å bli bevisste på sine egne kretsar.

– Workshopen er nok ikkje direkte relevant for mi utdanning, men det kjem alltids godt med å få trening i å snakke med folk i ein konsulent-setting.

Eit udekka behov

Økonomi, som var med i alle postar, synast å vere den posten og ikkje minst det temaet som var vikigast for både arrangør og deltakarar. Viktigheita av å leve av artistyrket blei framheva av Haugenes.

– Dette skal vere yrket og levebrødet dykar, og då må de forstå økonomien.

Det skulle blitt arrangert fleire slike»

Bransjekvinne

Når klokka slo halv ett blei det runda av med innspel frå dei frammøtte. -Det skulle blitt arrangert fleire slike, gjerne med betre tid sånn at ein rekk alle postane, seier ei bransjekvinne som deltek på workshopen. Det var svaret arrangøren fekk frå dei utpeika, også frå Finborud sin medstudent frå UiA som diverre berre rakk økonomiposten i dag.

Powered by Labrador CMS