Bypatriotisme
Kom deg utanfor Ring 3, Velle
Det er kanskje ikkje så rart at ein bygut fra Oslo ikkje veit betre enn å tru at Oslo er best. Kom deg over fjellet, så skal du få sjå.
Nei, det er ikkje ein «byrus». Det er berre resten av landet som minner hovudstaden om at Noreg er større og så mykje meir enn Ring 3.
Når eg las innlegget «Fuck bypatriotisme! Eller?» til idé- og debattredaktør (ein tittel du i det heile teke må vera ifrå Oslo for å komme opp med) i Universitas, Edvin August Velle, stussar eg over ordlyden og bodskapen. I ein sår periode for heile studentvelferda sparkar skribenten nedover mot veslebror og journalistkollegiet i den nest- og tredje største studentavisa i landet.
I innlegget skuldar Velle Studvest og Under Dusken for å vera bypatriotar som haussar opp under eigen «byrus». Ein sentrum/periferi-konstellasjon du ikkje treng å vera statsvitar for å skjøna deg på. Han tek til orde for at Oslo er den einaste skikkelege byen i Noreg, og hintar til Bergen og Trondheim som «søppel». Ein retorikk mannen over dammen ville vore stolt over.
Likevel. Eg kan forstå det. Oslo-folket veit ikkje alltid betre. Fødde og oppvaksne innanfor Ring 3. Idealistar. Globalistar. Syklistar. Kaffislabberasistar. Innovervende. Utan peiling på kvar verdiskapinga, som hovudkontora i Oslo raskt brukar opp, eigentleg kjem ifrå.
Hansa smakar betre enn Ringnes. Oslo vert aldri noko København.
Og husk: Vikingane kom ifrå Vestlandet. Bybanen går snarare enn trikken (og kjem når den skal). Brann spelar i Europaligaen. Vålerenga er middelhavsfararar. Hansa smakar betre enn Ringnes. Oslo vert aldri noko København. Og riksmål blir lett ein parodi av dansk.
Løysinga er at Velle kjem seg ut av kafèen. Kastar av seg skuggelappane og hoppar på toget over Finse. Me skal ta i mot deg og visa deg rundt i verdas beste by. Ja, Noregs eigentlege hovudstad. Noregs verkelege hovudsete.