
Det skjer, det skjer
Tino Schaedler har sprengt Westminster til himmels og fått Johnny Depp til å sjå ut som eit nærsynt romvesen. No kjem han til Arkitekthøgskolen i Oslo (AHO) og professor Per Kartvedt står ansvarleg.
– Korleis kom de på å invitere Schaedler?
– Han skal halde eit seminar dagen før på Norsk Filminstitutt, så da passa det bra å få han til å stikke innom her også. Det var ein tidlegare tilsett som tipsa oss om det.
– Kva har visuell filmdesign med arkitektur å gjera?
– Det er overlapp i interessefeltet. Arkitektar kan inkludere animasjon og den type verkemiddel i arbeidet sitt. Dei skal jo også byggje digitale rom. Mange arkitektar endar til dømes opp som utviklarar av PC-spel.
– Du er ikkje redd for at arkitekturstudentane skal begynne å leggje inn sjokoladeelver i Nordmarka eller sprengje Stortinget?
– Nei, kvifor det?
Schaedler har jo medverka til den visuelle regien på «Charlie og sjololadefabrikken» og «V for Vendetta», mellom anna.
– Studentane har vel sett dei filmane uansett.
– Er det hit ein skal gå om ein vil sjå Oslo anno 2050?
– Nei, han vil nok ikkje snakke om det. Eg går ut ifrå at det kjem til å handle mykje om hans eiga yrkeskarriere. Schaedler er sjølv utdanna arkitekt, og kjem sikkert til å seia litt om korleis han har gått frå arkitektur til digital design.
– Kvifor bør folk dukke opp da?
– For å få vite korleis han har jobba med dei store filmane sine. Dette er interessant teknologi, og det ligg også pengar i det for dei som har lyst til å satse.