Sikkerheitshol

Nettstader nede etter internasjonal sikkerheitsalarm

Det har blitt avdekka sikkerheitshol i programvara PHP, som mange nettsider er bygga på. Oslomet sin netstad er 'midlertidig utilgjengelig'. Også Feide-innloggingen er omfatta.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 21. oktober er fleire av Oslomets nettstader nede. Universitetet har varsla at fleire nettstader og digitale tenester blir tatt midlertidig ut av drift.

Bakgrunnen for den internasjonale sikkerheitsalarmen er to kritiske sårbarheiter i PHP, programvara som får mange nettstader til å fungere.

Sikkerheitshola kan gjere det mogleg for uvedkommande å køyre eigen kode på ein omfatta server utan å logge inn. Det melder PHP-prosjektet i sin sikkerheitsvarsel.

NEDE: Oslomet sine nettsider per onsdag 18:00

Det kan i verste fall gje angriparar moglegheit til å endre nettstader eller hente ut opplysningar som serveren har tilgang til.

Ingenting avveie

IT-direktør ved Oslomet Guro Berild svarar Universitas på epost:

«Det er ikkje blitt gjennomført eit digitalt angrep mot OsloMets nettstader. Sektorens tenesteleverandør SIKT har meldt om sårbarheiter i enkelte av våre system. Vi har valt å ta ned fleire av våre digitale tenester midlertidig, til vi har utført nødvendige tiltak.»

– Kan student- eller tilsettopplysningar vere på avvegar?

«Nei, student- eller tilsettopplysningar er ikkje på avvegar som følgje av dette.»

– Når forventar de normal drift, og kvar skal studentane finne informasjon i mellomtida?

«Nettstader for studentar, student.oslomet.no og andre digitale tenester for studentar er tilgjengelege, og det er der studentane finn det meste av relevant informasjon i sin studiekvardag. Vi veit per no ikkje når vi kan ta opp att oslomet.no.»

Ber om umiddelbar oppdatering

PHP publiserte samme dag sjølv sikkerheitsoppdateringar som rettar feila. 

Også Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har åtvara om sikkerheotshola. Før sikkerheitsoppdateringane var tilgjengelege, vart det råda å ta omfatta system av nettet. Onsdag ettermiddag anbefaler NSM at systemeigarar installerer oppdateringane snarast mogleg.

Powered by Labrador CMS