Vi, inntill vidare
I arkivet er alle framleis studentar.
Den som skreiv «vi studentar» i Universitas for femti år sidan, kan vera pensjonist no. Kanskje hugsar ho ikkje lenger kva ho var så sint for. Men på sida står ho framleis midt i si eiga notid og meiner noko på vegner av eit «vi».
Vi meiner. Vi krev. Vi treng.
Papiret har eldst. Pronomenet har ikkje det. Eg skriv det same ordet no. Vi har dårleg råd. Vi finn ikkje bustad. Vi utset pensum. Vi kjem for seint. Eg kan skriva «vi studentar», og med to bokstavar har eg gjort tusenvis av menneske til «oss».
Men kven er eigentleg dette «vi»?
Eg kjennar nokre studentar. Resten går forbi meg på campus med kvar sine fag, bankkontoar, forelskingar og grunnar til å hata gruppearbeid. Vi ville neppe blitt einige om kva vi skulle bestilla dersom nokon sette oss rundt same bord.
Likevel får eg kalla dei oss.
Eg tenkjer sjeldan over at eg berre får bruka ordet ei stund. Semesteret deler året mitt i to. Pengane frå Lånekassen kjem inn på kontoen og forsvinn att. Canvas kan øydeleggja humøret før eg har stått opp. Eg kjem tre minutt for seint til førelesning og prøver å sjå ut som om eg kom akkurat då eg skulle.
Eg tenkjer aldri at eg er mellombels student. Eg er berre student.
Universitas fyller 80 år og eg får ikkje bli gammal saman med henne. Avisa samlar år. Vi som les og lagar henne, må vidare. Ho held seg ung ved å mista oss.
Dersom plankane blir skifta ut ei etter ei, og ingen av dei opphavlege til slutt er att, er det framleis det same skipet?
Student er noko ein helst skal slutta å vera. Eg kan vera dotter resten av livet. Eg kan vera frå Jæren resten av livet. Eg kjem truleg til å vera tidsoptimist resten av livet. Men student? Det skal helst gå over.
Ingen markerer den dagen særleg høgtideleg. Ingen står ved siste eksamen og seier: takk for denne gongen. Lever pronomenet i luka til venstre.
Det skjer stillare. Studentrabatten forsvinn. Canvas sluttar å vera mitt problem. Eg kjenner færre namn i redaksjonen. Kanskje søkjer eg framleis opp Universitas av vane. Så les eg ei sak om «studentane» og merkar, kanskje først etter nokre avsnitt, at journalisten meiner nokon andre.
Først vi. Så dei.
Eg håpar det går ei stund før eg byrjar å seia «dagens studentar». Det er eit farleg uttrykk. Derfrå er vegen kort til å slå fast at dei unge er mindre politiske, meir stressa eller altfor opptekne av ein teknologi ein sjølv ikkje skjønar. Då håpar eg nokon minner meg på at eg òg kom for seint, utsette pensum og trudde uroa vår var ny, berre fordi ho var ny for oss.
Kanskje er det dette eg likar med eit jubileum: Det gjer notida mindre sjølvsagd.
Eg tenkjer sjeldan over at eg berre får bruka ordet ei stund
80 år får noko til å sjå bestandig ut. Men når eg blar bakover, ser eg mest alle som forsvann. Redaktørane gjekk. Journalistane gjekk. Lesarane gjekk. Nye kom til og skreiv «vi» med same sjølvfølgje.
Universitas har blitt gammal fordi vi ikkje blir verande.
Eg kjem på det gamle spørsmålet om Thesevs’ skip: Dersom plankane blir skifta ut ei etter ei, og ingen av dei opphavlege til slutt er att, er det framleis det same skipet?
Med Universitas er det nesten omvendt. Her skal plankane skiftast ut. Det er heile ordninga. Ei studentavis som held fast på studentane sine, sluttar til slutt å vera ei studentavis. Ho varer fordi vi går vidare.
Kanskje har eg overvurdert det som varer. Eg har lett for å tru at det som tek slutt, tel mindre. Men studietida mi blir ikkje mindre mi fordi ho tek slutt. Kanskje gjeld det «vi» òg. Vi går inn i ordet med våre eigne fristar, festar, pengar, forelskingar og sterke meiningar om universitetet. Så går vi vidare.
Ordet står igjen.
Ein dag skriv ei jente eg ikkje kjenner «vi studentar» i Universitas. Ho treng ikkje spørja meg om lov. Då er det hennar tur til å meina «oss».
Inntil vidare.