GODT RYKTE: Universitetet i Oslo har et godt rykte, men presterer ikke tilsvarende godt, skal vi tro en ny undersøkelse.
GODT RYKTE: Universitetet i Oslo har et godt rykte, men presterer ikke tilsvarende godt, skal vi tro en ny undersøkelse.

UiO er dårligare enn sitt rykte

Ei undersøking blant norske journalistar avslører at folkesnakket om Universitetet i Oslo er langt betre enn prestasjonane. Ved BI er det omvendt.

Publisert Sist oppdatert

*Topp fem utdanningsinstitusjonar:*

  • Handelshøyskolen BI: 7,11
  • Norges Handelshøyskole: 6,78
  • Universitetet i Tromsø: 6,68
  • Universitetet i Bergen: 6,59
  • Universitetet for miljø og biovitenskap: 6,56
  • Kvar organisasjon er vurdert på elleve tilfredsheitsspørsmål, fire imagespørsmål og tre spørsmål om leiinga.
  • Rangeringane er gjort med bakgrunn i gjennomsnittscore, basert på alle spørsmåla i undersøkinga.
  • Undersøkinga er foretatt blant 635 norske journalistar, og kartlegg forholdet dei har til offentlege institusjonar og interesseorganisasjonar.
  • Utdanningsinstitusjonar vert i undersøkinga vurdert som dei mest truverdige.
  • Kilde: Aalunds rapport «PR-barometeret Samfunn Norge»

Ei undersøking av norske journalistars forhold til offentlege institusjonar og interesseorganisasjonar kårar Handelshøgskulen BI til vinnarar blant dei største utdanningsinstitusjonane. Kvar organisasjon er vurdert på elleve tilfredsheitsspørsmål, fire imagespørsmål og tre spørsmål om leiinga. Like høgt tronar dei likevel ikkje på lista over kva inntrykk journalistane har av institusjonen. Dette meiner BI sjølv at har ei naturleg forklaring.

– Dersom ein ser på andre undersøkingar så ser ein at BI er betre på omdømme no enn tidlegare. Derfor trur eg at også den undersøkinga som handlar om oppfatting vil endre seg over tid, seier kommunikasjonsdirektør ved BI Janne Marie Log.

Universitetet i Oslo (UiO) fekk ikkje plass i undersøkinga si topp fem-liste, men har likevel eit godt rykte blant journalistane.

Log vil ikkje kome med nokon tips til andre utdanningsinstitusjonar om kva dei kan gjere for å verte flinkare, men framhever at ho meiner det er positivt at forskarar er meir i media no enn tidlegare.

– Det er med på å fremje debatten i det offentlige rom. Det er positivt, og noko som vi kan glede oss over saman, seier ho.

Log vil ikkje spekulere i kva det skuldast at UiO ikkje vert rangert høgare oppe på lista, men kan imidlertid fortelje om kva som fungerer for dei.

– Vi har ein flink forskarformidlar i kommunikasjonsavdelinga. Vi legg vekt på å vere raske og serviceminded når journalistar ringer til oss, og så har vi en rektor som er dyktig i media, seier ho.

Powered by Labrador CMS