Sigrun Aasland svarar

Studentbustad

Vi har aldri bygd fleire studentbustader

Bustad er viktig for tryggleiken og økonomien til studentane, og eg deler Olivia Szlage sin utolmod.

Publisert Sist oppdatert

Studiestart skal vere ei tid for nye moglegheiter, nye vener og nye erfaringar. Då er det tøft å måtte bruke energi på å bekymre seg for kvar du skal bu. Difor byggjer vi så mange studentbustader. Historisk mange har fått studentbustad i år, fordi Arbeidarpartiet prioriterer dette høgt.

Arbeidarparti-regjeringa byggjer studentbustader med begge hender. Det er viktig fordi det har vore eit stort etterslep, fordi bustad er avgjerande for studentøkonomien, og fordi fleire studentbustader avlastar leigemarknaden og dermed er bra for alle. I fjor sette vi trippel rekord: i talet på ferdigstilte bustader, i tilsagn til nye bustader og i bustader under bygging. I sommar fekk fleire studentar enn nokon gong tilbod om studentbustad.

Arbeidarparti-regjeringa byggjer studentbustader med begge hender

Sigrun Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister (Ap)

Det betyr ikkje at jobben er ferdig. I åra som kjem må vi byggje endå meir. Målet er 12 000 nye studentbustader i løpet av denne regjeringsperioden, og vi prioriterer dei store byane der presset er størst. Vi har også auka tilskotet per bustad og opna for støtte til rehabilitering. Kommunane kan no regulere tomter til studentbustader, noko Oslo allereie har teke i bruk.

Sjølv med høgare dekningsgrad vil dei fleste studentar leige bustad på den ordinære marknaden. Difor jobbar vi for tryggare og meir føreseielege leigeforhold, og for betre regulering av korttidsutleige.

Vi kan ikkje vere nøgde før fleire studentar har ein trygg og rimeleg stad å bu. Difor held Arbeidarparti-regjeringa fram med å prioritere studentbustader høgt og jobbe for eit bustadmarknad som fungerer betre for fleire.

Powered by Labrador CMS