Til Olivia sin sak om Schultz StudenterhjemBildene er tatt på Schultz Studenterhjem den 16.september 2026. Fra Venstre:Mari Regine Årsland Anderssen, Maria Loiuse HansenFotograf: Agda Døsen

Studentbustad

Huset med det rare i

Me kjenner til striden om Studenterhuset Schultz. Men kva slags liv er det dei eigentleg kjempar om?

Publisert

Purren har teke halve den raude handlekorga.

Grøne blad ligg på kryss over kartongar med havredrikk, matfløyte og sekker med poteter. Ingerid Martinsen (21) styrer vogna vidare gjennom butikken. Ho har ansvaret for onsdagsmiddagen på Studenterhuset i Schultz’ gate. I dag står potet- og purresuppe på menyen.

– Korleis er det å laga så mykje mat?

– Veldig stressande.

Så går ho vidare.

Då me endeleg kjem tilbake til Schultz, står Maria Louise Hansen (23) utanfor døra. Ho har gløymt nøklane.

HANDLEVOGN: Det er ikkje mykje plass i vogna til anna enn purreløk.

Ingerid ber allereie på meir enn nok. Maria byrjar å grava i sekken hennar. Først dreg ho opp eit par briller. Ho tek dei på. Så leitar ho vidare.

Der er nøklane. På Schultz tek det ikkje lang tid før tinga til ein person byrjar å sirkulera mellom fleire.

Først må nokon kutta purren

På kjøkkenet blir varene spreidde utover benken.

Ingerid og Maria byrjar å kutta. Mary Freeman (24) og Yasmin Ullestad (26) kjem til. Snart står fire personar mellom knivar, skjerefjøler, grønsaker og kartongar. Purren som fylte handlekorga, veks no opp av ein metallbolle på kjøkkenbenken.

Bak dei heng små lappar på skapa. Eit regnbogeflagg dekkjer delar av vindauget. På veggane heng plakatar, bilete og ting som ser ut til å ha kom opp ein etter ein, utan at nokon først bestemte korleis rommet skulle sjå ut.

Ingerid held styr på maten. Dei andre skjer. Dei siste vekene har ho kvar onsdag laga fellesmiddag for husittane, og denne veka får ho hjelp av Maria Louise, Mary og Yasmin. Suppa er framleis fleire timar unna, men førebuingane har teke over kjøkkenet.

Fire etasjar med ting

Maria tek oss med på omvising medan dei andre lagar mat. Helt opp til fjerde etasje først. Så nedover.

Trappa er lilla. Ho svingar seg mellom mørke tresteg, dører, sko, oppslag og små ting det ikkje er tid til å spørja om før Maria alt har gått vidare.

Det er mykje ting her. Veldig mykje ting.

Me går forbi lesesalen, kjøkken og fellesrom. Huset har fire kjøkken. I stova ser bebuarane musikal på storskjerm på måndagane. Ved allmøte flyttar dei stolane på rekkje, og gjer same rom om til møtesal.

På ein vegg heng fotografi i bogar. Middagar. Kostyme. Ansikt tett inntil kvarandre. Under bileta står to gamle lenestolar med blomstrete trekk. Ved sida av dei er ei hylle pressa full av brettspel og bøker.

Schultz ser mindre innreidd enn oppsamla ut. Huset har vore fullt av studentar sidan 1919. Det vart oppført på initiativ frå Kristine Bonnevie, Noregs første kvinnelege professor, som eitt av dei første velferdstilboda for studentar. Året etter budde 270 studentar her på fleirmannsrom. I dag bur 69 studentar her. Dei kallar huset Hus og seg sjølv husittar.

Maria opnar døra til rommet sitt. På eit anna rom står eit piano. Det kom ikkje opp trappa av seg sjølv.

– Det vog 200 kilo. Me var seks som bar det opp.

Det er kanskje den enklaste forklaringa på buforma. Pianoet kan vera ditt. Du får det ikkje inn i huset og opp trappa åleine.

Privatliv etter avtale

Nye bebuarar på Schultz byrjar på dobbeltrom. Seinare kan dei få enkeltrom etter ansiennitet. Dermed kjem spørsmålet ganske fort.

– Kva gjer de dersom de får kjærast? Eller vil ha sex?

Maria ler.

– Me har god kommunikasjon. Viss me treng å vera åleine på rommet ein kveld fordi me har besøk, seier me berre frå til den andre. Me er så gode vener at det er null stress.

FJERDE ETASJE ER IKKJE HØGT NOK: Maria Louise Hansen (23) demonstrerer eitt av tilboda i bakgarden.

Eg fortel Maria at eg har høyrt rykte om ein hems på loftet der husittar kan gå til dersom dobbeltrommet blir litt upraktisk.

– Den har eg ikkje høyrt om.

Maria stoppar litt.

– Det var eigentleg ein veldig god idé. 

Lenger nede viser ho fram ein balkong. Ho har døra ut til han. Naboane har ikkje det.

– Eg kan gå ut døra, men dei går gjennom vindauga.

På Schultz er ikkje alltid arkitekturen samd med bruken. Det gjeld òg behovet for å vera åleine.

– Eg kan av og til bli overstimulert, men då er det berre å trekkja seg tilbake.

Ho deler rom. Heldigvis, seier ho, treng romkameraten omtrent like mykje ro.

Middagen flyttar ut

Då me kjem ned att, har bakgarden endra seg. Sola skin. Dermed skal middagen etast ute.

Nokon ber ut stolar. Andre kjem med benker. Bord blir sette saman. Ein grøn- og kvitrutete duk kjem fram.

Framfor bygget står det eit lite drivhus. Grøne blad pressar seg mot loket. Maria bøyer seg inn mellom dei.

– Her er det squash, og her er det gresskar, og her er det agurk.

Squashen er plukka. Agurken står att.

Tidlegare låg det snus i bedet. Då vart bebuarane litt mindre sikre på om dei ville eta det som voks der.

Eg kan av og til bli overstimulert, men då er det berre å trekkja seg tilbake

Ingerid Martinsen (21), husitt.

Maria plukker opp ein agurk. Nokre minutt seinare sit ho i eit ope vindauge med ein agurk i handa. To andre husittar lener seg ut frå kvar si side. Husitt Johannes Kaabye Hellstenius (24) får to spørsmål.

– Kva er det beste med å bu på Hus?

– Spontaniteten.

Svaret kjem med ein gong.

– Og det verste?

– Byggingar.

Nokon minnar han på vaskemaskinene.

–  Jo, eg skulle eigentleg seia vaskemaskinene.

No fungerer alle tre. Tidlegare hadde rundt 70 bebuarar på eitt tidspunkt berre ei fungerande vaskemaskin.

Fellesskap vaskar trass alt ikkje klede. Johannes sitt svar blir òg meir interessant etter nokre timar på huset.

For før den spontane middagen kan byrja, har Ingerid fylt ei handlekorg. Fire personar har laga maten. Andre har bore ut bord, stolar og benker. Nokon har funne duken. Seinare må alt inn att. Spontaniteten krev førearbeid.

ARKIV: Her slettar ingen gamle bilete.

Ikkje for alle

Det krev òg bestemte typar bebuarar.

Schultz har ei eiga søknadsordning. Dei som søkjer, sender både søknad til Studentsamskipnaden SiO og eit brev til Studenterhuset. Bebuarane er sjølve med på å vurdera søknadane.

– Du seier at dei som søkjer, bør passa inn i kulturen her. Kva betyr eigentleg det?

– Det er ikkje nødvendig at folk er like. Kulturen her er ein variasjon av menneske. Me vil ha ein mangfaldig kultur, seier Maria.

Ho fortsetter.

– Viss ein viser at ein har lyst til å bidra, stiller opp på dugnader og kanskje har litt frivillig erfaring, så hjelper det.

Maria fortel om ein ven som søkte seg inn. Han budde på huset i ein månad før han flytta ut. Dobbeltrommet og det delte kjøkkenet vart for mykje.

– Det er ikkje for alle.

Det er ikkje for alle

Maria Louise Hansen (23), husitt

Den setninga forklare òg kvifor huset ønskjer å velja folk som veit kva dei går til.

Men ordninga har ei bakside. Dei som alt er innanfor, er òg med på å avgjera kven som får koma inn. Fellesskapet krev ikkje berre at folk deltek når dei først bur her. Det krev at dei ser ut som menneske som kjem til å delta.

Nokon må rydde

Så kjem suppa. Skåler blir sette utover bordet, mellom dei står blomar. Stolar og benker står litt hulter til bulter i bakgarden.

Folk finn seg ein plass.

69: til bords.

Nokon kjem seint. Andre et fort før dei skal vidare. Samtalar går på kryss over bordet. Purren som låg på tvers av handlekorga nokre timar tidlegare, flyt no i suppeskålene.

Det ser enkelt ut no. Det gjorde det ikkje i butikken.

Før middagen kunne flytta ut i sola, måtte Ingerid handla. Fire personar måtte kutta, skrella og røra. Bord måtte flyttast, benker måtte berast og nokon måtte finna duk, blomar og skåler. 

Eg spør Ingerid kven som ryddar.

– Det spørs litt.

Ho prøver å ta noko undervegs, seier ho, så ikkje alt står att til slutt.

På Schultz ser mykje ut til å berre skje. Det er fordi nokon får det til.

Powered by Labrador CMS