
Designer for dynga
Denne skaterampa er unntaket. Studentane ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo sine store konstruksjonar endar oftast som boss.
STUDENTKUNST: – Når studentane er ferdige med store konstruksjonar, er det ei storarta utstillingsopning og heile skulen samlast. Når semesteret er slutt, må det kasserast. Omsyn til brannvern og bygnadssikring gjer at det må ut. Det er slik kvardagen er her.
Prosjektleiar og professor ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo (AHO), Arne Eggen, innrømmer at skulen ikkje har lagringsplass til dei største studentprosjekta, og at mykje vert kasta. Delvis fordi det ikkje er nokon som vil overta tinga. Han fortel mellom anna om ei studentgruppe som laga ein katapult i betong, som forsvaret var interessert i å overta. Men då dagen kom for overtaking var dei visst ikkje så interessert likevel, og katapulten måtte vrakast.
Skateramp blei brytering
I haust skreiv Universitas om studentar ved AHO som hadde laga ein skateramp i betong. I september håpa dei den skulle få fast plass på skulen eller i ein skatepark i Oslo. Den har no enda som leikestativ på Evje barneskule i Bærum, og er mest nytta som brytering.
Studentutvalsleiar på AHO, Balder Onarheim, støtta i byrjinga studentane i at rampa skulle få ein fast plass på AHO, men gav seg etter vektige argument frå skuleleiinga.
– Skulen argumenterte med at store konstruksjonar vert det laga kvart år, og at dei ikkje kunne sei at denne var betre enn dei andre, og fortente plassen meir, fortel Onarheim.
Han fortel at om ikkje studentane sjølv finn nokon som kan overta tinga dei lagar, vert det kasta.
– Det skulen er flinke på er å lage ein midlertidig arena kor studentane får vist fram tinga sine, seier han.
Etterbruk i oppgåva
Hans-Kristian Hagen var del av studentgruppa som laga skaterampa. Han er glad rampa deira ikkje har enda som avfall, men trur det er betre løysingar for formidling av studentkonstruksjonar.
– Å lage noko dyrt og avfallskrevjande utan å tenkje på etterbruk er utslag for ei litt uansvarleg oppgåvestilling, meiner Hagen.
Han fortel at slik det er no, vert jobben med å få konstruksjonen plassert ein stad først og fremst ei oppgåve for studentane aleine, som dei må arbeide med etter at prosjektperioden er over.
Hagen etterlyser at oppgåver for fullskalakonstruksjonar og skal omfatte ein plan for bruk etter ferdigstilling.
Arne Eggen seier dei godt kan leggje meir vekt på gjenvinning og etterbruk.
– Det er og viktig å gjere greie for konsekvensane av materialet vi nyttar, seier han.
Redd for føringar
Astrid Bjerke, miljørådgjevar hos Grønn hverdag, seier at når studentane kjem ut i arbeidslivet er dei nøydd å forholde seg til fleire restriksjonar enn i studiesituasjonen.
– Ein medviten ressursbruk er nødvendig for eit bærekraftig samfunn, understrekar ho.

Universitetslektor på AHO, Solveig Sandness, fortel at skulen prøver å få gjeve bort så mykje som mogleg av det studentane lagar, men at det er vanskeleg av mange omsyn.
– Ideelt sett skulle ein funne etterbruk til alt studentane lagar, men for mykje fokus på det kan leggje for mange føringar på studentane, seier Sandness.
Ho understrekar at det er viktig at studentane får utfalde seg kreativt og lære, utan å måtte tenkje for mykje på etterbruk.
– Vi er opptekne av kva studentane lærar når dei lagar konstruksjonane, ikkje nødvendigvis av levetida, seier Sandness.
Ho meiner at slik det er no kan dei ikkje garantere for levetida til tinga som er laga. Det ville ha kosta mykje meir pengar.
– I tillegg er det ein veldig byråkratisk innsats som må til for å få formidla studentkonstruksjonane, og mange tryggleiksomsyn som må takast. Produkta er ikkje nødvendigvis i henhald til norske krav og standardar som krevst for at det skal kunne plasserast ut, fortel Sandness.
Heller ikkje KHiO
Bror Størseth, studentutvalsleiar for Kunstfag på Kunsthøgskulen i Oslo, fortel at heller ikkje dei har noko permanent tilbod for utstilling og bruk av større ting studentane lagar. Ting som er i handterleg storleik tek gjerne studentane med seg heim, medan større ting er det verre å finne lagringsplass til. Det vert i tilfelle opp til studentane sjølve å skaffe.
– Eg tvilar ikkje på at ting vert kasta, seier han.