
Det skjer, det skjer
Srinivasa S.R.Varadhan har fått Abelprisen for 2007. Det synes vitskapsakademiets Arne Berhard Sletsjø er verd en invitasjon.
– Varadhan har vunne prisen for «teorien om de store avvik». Kor store avvik er det snakk om?
– Det spørs kor lenge du held på. Dei store tals lov seier at den faktiske fordelinga blir lik den forventa fordelinga over tid. Kastar du ein mynt ti gonger, forventar du å få halvparten mynt og halvparten krone. Dersom du får åtte mynt etter ti kast, er det eit stort avvik. Dersom du derimot kastar denne mynten ein milliard gonger, vil eit avvik på tre utfall ikkje bety noko. Det Varadhan har gjort, er å finne sannsynet for at utfallet ikkje blir som forventa.
– Forventar du at dette blir bra?
– Ja, eg har ikkje møtt han sjølv, men kollegaene mine seier han er veldig flink.
– Er Varadhan ein adekvat føredragshaldar for studentar?
– Ja, det trur eg faktisk. Han skal visstnok vera resonnerande, og ikkje så fokusert på ferdige sanningar. Og dette er også eit tema som er meir tilgjengeleg enn mange andre matematiske problemstillingar.
– Vitskapskaféen skal bringe «vitskapen ut til folket». Kor sannsynleg er det at folk går frå dette føredraget med ny kunnskap?
– Det er ganske sannsynleg. Eg har vore på vitskapskafé før, og inntrykket mitt var at dei som deltok var nøgde. Det er ei fin form, og Varadhan har også ein del kunnskap om utviklingsspørsmål, for dei som er interessert i det.
– Kan du rekne opp minst tre grunnar til at studentar bør ta seg tid til dette midt i eksamensinnspurten?
– Dei får høve til å møte ein av vår tids største vitskapsmenn på ein hyggjeleg og uformell måte, det er eit avbrekk frå lesinga med mulegheit for øldrikking, og dei vil heilt sikkert lære noko dei har nytte av både på kort og lang sikt.
KVA: Føredrag med Abelprisvinnaren 2007
KVAR: Vitskapskaféen på Universitetet i Oslo
NÅR: Søndag 20.mai klokka 18