
det skjer, det skjer
Ved inngangen til grisens år vil Vietnamesisk Studentorganisasjon (VSO), arrangere fest. Leiar Thuy Mi Nguyen lover snikande grisar og dansande dragar.
– De skal markere inngangen til Grisens år. Blir dette ein grisefest?
– Gris er tema for festen, ja. Det blir grisedekorasjonar og grisekostymer. I tillegg skal vi ha grisøyrekake.
– Kva skjer elles på festen?
– Det blir masse underhaldning. Sketsjar, songar, dragedans og ikkje minst moteshow. Vi har fått låne klær frå diverse butikkar, og skal syne fram sommarens motebilete. Veldig trendy.
– Både gamle og unge er invitert. Blir dette ein studentfest eller eit familieselskap?
– Festen er delt i to. Først er det kultur og underhaldning, og etterpå er det fest og rusfritt diskotek. Da er det mest studentar og yngre folk der.
– Kva er skilnaden på grisen sitt år og andre år?
– Folk som er fødde i grisen sitt år kan forvente seg eit lettvint liv der dei ikkje treng slite mykje. Nett som grisen. Folk som derimot er fødde i hesten eller oksen sitt teikn, vil få det meir strevsamt. Og dersom du er fødd i geita sitt teikn er du ofte flørtete.
Diverse dyreteikn gjentek seg med jamne mellomrom på same måte som med vanlege stjerneteikn.
– Kan alle koma på nyårsfesten?
– Ja, underhaldninga er gratis, medan diskoteket kostar 100 kroner. I tillegg sel vi lodd og vietnamesisk mat og kjempegode kaker. Alt overskotet går til Akademisk faghjelp som er eit prosjekt i regi av VSO, der vi tilbyr leksehjelp til minoritetsungdom.
– Kvifor bør studentar dukke opp?
– For å bli kjent med vietnamesiske studentar. Dette er ein alternativ måte å feire nyår på, og eit fint innblikk i vietnamesisk tradisjon og kultur.
Kva: Vietnamesisk nyårsfeiring
Når: 17.mars klokka 18.00
Kvar: Sagene festivitetshus