
det skjer
Nisselue, hijab og respekt for naboen er tema for Anita Hillestad si nye utstilling av hovudplagg.
– Kvifor er det overhovudet vits å lage ei slik utstilling?
– Dette handlar ikkje om kva som helst slags hovudplagg, fokuset vil ligge på hijab. Men vi gir også rom for andre hovudplagg sidan media har fokusert veldig mykje på hijab. I Noreg nyttar vi jo alle slags plagg. Før vart det brukt skaut, og under andre verdskrig var det forbod mot nisselue. No meiner eg det blir for drøyt å ville beskytte kvinner mot hovudplagget deira.
– Kvifor det?
– Dei slepp ikkje til i den offentlege debatten, men får høyre at «du kan ikkje meine noko fordi du er undertrykt.»
– Vil kvinnene sleppe til på utstillinga, da?
– Ja. Eg har snakka med fleire som brukar hijab, som eg har fotografert og filma. Dei belyser temaet på ein veldig bra måte. Men dei uttaler seg ikkje på vegne av alle, så det blir personlege forteljingar om hijab. Eg har snakka med folk som har opplevd forbod mot nisselue, og eit par jenter som har eit høve til det å ikkje ha noko på hovudet i det heile.
– Er dette eit forsøk på å vise likskapen mellom forbodet mot niqab og forbodet mot nisselue, kanskje?
– Nei. Vi vil berre pirke litt i overflata, og sjå om forteljingane som kjem fram kan gjera at folk tenkjer litt annleis.
– Ein høyrer ofte uttrykket «å vera mann for sin hatt», utan å eigentleg forstå kva det tyder. Kan denne utstillinga vera eigna til oppklaring?
– Da må det heller bli kvinne for sin hatt.
– Og kven er kvinne for sin hatt?
– Ei sterk kvinne med ein reflektert personlegdom, og eit reflektert høve til kva ho har på hovudet.
– Det er Norsk Folkemuseum som husar utstillinga. Er det på grunn av nisseluefokuset?
– Nei, mangfaldsåret. Nisselua har kome til litt etter kvart.
– Kvifor kunne studentar hatt glede av å få med seg denne utstillinga?
– Fordi det kan setja i gang interessante refleksjonar i høve til kven vi er og kven naboen er. Vi er kanskje ikkje så ulike som media vil ha det til.