Det skjer

Ti år etter at prinsesse Diana døydde skal Kate Pendry kanalisere anden hennar frå ein helvetes himmel.

Publisert Sist oppdatert

– Kva handlar stykket om?

– Å beskrive teater er som å danse om arkitektur. Kom og sjå.

– Du vil ikkje røpe noko?

– Diana ser på oss med eit utanforståande blikk. Ho ser oss frå ein slags helvetes himmel.

– Helvetes himmel, dette blir ikkje noko sympatisk bilete av Diana?

– Stykket tek utgangspunkt i at eg kanaliserer anden til prinsesse Diana som ein klarsynt. Eg kjente ikkje Diana, og det handlar ikkje om henne som person, men som ikon. Det er symbolbruken av prinsesse Diana eg ikkje tenner på.

– Vil Diana-tilhengjarar bli skuffa?

– Ja. Kongehuset eksisterer for å gi oss stabilitet. Dei er betalt for å oppføre seg pent og A4. Og nåde dei om dei ikkje gjer det, ikkje sant.

– Republikanarar vil ha glede av å sjå dette, kanskje?

– Ja, kan hende. Men monarkidebatten er berre eitt aspekt av framsyninga.

– Kvifor bør studentar få med seg dette?

– Det er vanskeleg å svare på. Som skodespelar er det mitt ansvar å seia noko, og å ha ein bodskap. Eg bli glad for alle som kjem.

– Kva er bodskapen i stykket?

– Stå opp mot bøller, og dersom du er ei, slutt å vera det. I dag er vi så fascinerte for kjendisar og fjerne tilhøve. Vi gret når nokon høgt oppe døyr, men går forbi når det ligg ein narkoman på gata, tilsynelatande likegyldige. Eg kjenner at arten vår har take feil retning. Mi døde Diana vil dra oss litt på rett kjøl igjen.

KVA: «Dead Diana: Decade»

KVAR: Black Box Teater

NÅR: 31.august- 9.september

Powered by Labrador CMS