LETTA: Fredrik Thue mener det er bra at oppgåvene blir korta ned.

Farvel, Hovudfag!

Ein 102 år gammal tradisjon går mot slutten. Denne våren må hovudfagstudentane levere, om dei ikkje vil ta til takke med ein nymotens mastergrad.

Publisert Sist oppdatert

Hovudfag

  • Hausten 2003 starta Universitetet i Oslo opp med mastergradar i staden for hovudfag. Dette var ein del av Kvalitetsreforma, og eit ledd i prosessen med å samkjøre europeisk høgare utdanning (Bolognaprosessen).
  • Skilnaden på master og hovudfag varierer frå fag til fag. Generelt er det krav om at oppgåvedelen ikkje skal overstige 60 studiepoeng av ein toårig mastergrad.
  • Våren 2007 er siste frist for å levere hovudfagsoppgåve.

– Dei som er konservative på dette med hovudfag, ser bort frå kor lange oppgåvene verkeleg kunne blitt, seier Fredrik Thue, forskar ved Forum for universitetshistorie.

Thue fortel at da lova om hovudfaget kom i 1905, var tanken at oppgåva skulle ta omlag seks veker å skrive. I 1954, ved innføringa av grunn-, mellom- og hovudfagsordning, vart det sagt at det måtte vera muleg å avgrense til 40-50 sider. Altså er det på ingen måte nytt at ein forsøker å korte ned omfaget av desse avhandlingane.

– Etter kvart utvikla det seg ein kultur for at hovudoppgåvene skulle vera lange og omfattande, hevdar Thue, og meiner desse forventingane vart drivne fram både av professorar og studentar.

– Eksplosjon

– På 70-talet kom det ein eksplosjon, og folk leverte på 250 og 300 sider. Det

kom nok av at mange studentar var opptekne av fagkritikk, og at det rådde ei norm å ikkje ta doktorgrad. Dei som meiner at dette bryt med den opphavlege intensjonen bak hovudfaget tek rett og slett feil.

Thue er ikkje sikker på at det å gå i årevis utan å få levert oppgåva var med og gjorde folk modne, reflekterte og trygge på seg sjølv, slik det var meininga.

– Kanskje er det ikkje heldig å tvinge alle til å lage ei stor vitskapeleg avhandling? Vi må hugse på at universitetet ikkje først og fremst skal utdanne forskarar, men folk som skal ut i samfunnet etterpå.

Thue vil likevel ikkje forsvare den nye mastergraden blindt.

– Effektivitetspremiering er ikkje heldig dersom det går på kostnad av originalitet og personleg motivasjon. Vi treng dei som brenn for faget og som tør å satse på usikre prosjekt.

Innspurten under kontroll

IKKJE STRESSA: Kristin Reiten har take seg god tid med hovudfagsoppgåva

Kristin Reiten begynte på hovudfag i 2002, og skulle dermed ha vore ferdig i 2004. Men så fekk ho jobb som informasjonsmedarbeidar i Norske Kvinners Sanitetsforeining, og brått hasta det ikkje så mykje med oppgåva. Heilt til i vår.

– Det er viktig for deg å ta hovudfag i staden for master?

– Sjølve tittelen spelar inga rolle for meg, men det er jo eit poeng at dersom ein skal få ettergitt studielån på grunn av fullført hovudfag, så er dette aller siste fristen, medgir den snart ferdigutdanna medievitaren.

Oppgåva til Reiten handlar om Statoil sitt engasjement i Angola, og korleis media framstiller det. Ho har oppdaga at medan selskapet sjølv er opptatt av dei lokale ringverknadene, fokuserer media heller på dei store problemstillingane som menneskerettar og korrupsjon.

Oppgåva må leverast 10.mai, men Reiten fortel at ho ikkje er særleg stressa om dagen.

– Eg har hatt mange år på meg, og tid til å jobbe med oppgåva no og da. Dessutan har eg yrkeserfaring, og veit at den uansett er meir verd på arbeidsmarknaden.

Cand.theol. i siste liten

Det er bra dei hadde ein frist, eller så hadde eg aldri vorte ferdig. Hovudfagsstudent Ingfrid Norum

– Det er bra dei hadde ein frist, eller så hadde eg aldri vorte ferdig, seier Ingfrid Norum, som nett har sendt hovudoppgåva i kristendom til trykking.

Ho har allereie jobba som lærar i 25 år, og var ikkje avhengig av hovudfagsgraden for å få seg jobb. Norum har take for seg den bibelske forteljinga i gamaltestamentet om Josva og kampen om Jeriko. Bibelforskarar har slått fast at dette er ei myte, men i Noreg finst det svært lite forsking på korleis ein tolkar legender og myter.

– Eg har tolka myta om Josva og Jeriko som eit eventyr. Men her i Vesten knyter vi jo eventyr til løgn og fanteri, så dette blir kanskje ikkje populært, undrar Norum.

For å kunne skrive oppgåva har ho måtte lære seg ein del hebraisk. Men det tok lang tid frå ho lærte seg språket til ho begynte skriveprosessen.

– Det var tungt å koma i gang, men rettleiaren var flink til å følgje meg opp. Eg begynte på sjølve oppgåva først i november i fjor, seier den aller siste hovudfagsstudenten på Det teologiske fakultet.

Powered by Labrador CMS