Etterlyser mobilitet: Filosof Herman Cappelen meiner studentane må bli flinkare til å flytte etter dei faglege interessene sine.

Flukta frå dyrehagen

Fagmiljøa ved norske universitet er ineffektive dyrehagar, med ein forskar av kvart slag, meiner UiO-filosof. Han vil heile modellen til livs, og får støtte frå biolog.

Publisert Sist oppdatert
Etterlyser mobilitet: Filosof Herman Cappelen meiner studentane må bli flinkare til å flytte etter dei faglege interessene sine.
Etterlyser mobilitet: Filosof Herman Cappelen meiner studentane må bli flinkare til å flytte etter dei faglege interessene sine.

– Det er ein kultur på norske universitetsinstitutt der mange sit for seg sjølv og held på med sitt, og ikkje har så mykje felles med andre forskarar, seier Herman Cappelen, professor i filosofi ved Universitetet i Oslo.

Han meiner ukulturen heng saman med det han kallar «dyrehagemodellen» i akademia: kvart fagmiljø skal ha minst ein forskar innanfor kvar fagretning, slik at dei til saman representerer mangfaldet i faget. I ein artikkel i siste nummer av Norsk filosofisk tidsskrift argumenterer han for å omstrukturere akademia etter det han kallar «ekspertisemodellen»: alle ressursane burde samlast i forskargrupper som jobbar med felles problemstillingar.

– Vi veit at vi får betre forsking når folk samarbeider. Spissare forskingsmiljø kan enklare trekke til seg toppforskarar og forskingsfinansiering utanfrå, seier Cappelen.

Les også: «All» norsk forskning kan stjeles på nett

Undervisning

Den 18. februar var forslaga hans gjenstand for debatt på Litteraturhuset i Oslo. Fleire av filosof-kollegaene til Cappelen argumenterte då for at det er viktig å ha eit breitt forskingsmiljø, ikkje minst fordi forskarane også skal undervise. Sidan studentane skal bli kjent med heile faget i utdanninga, treng dei nettopp ein dyrehage.

Cappelen meiner kritikken bommar.

Tanken om at det ein forskar på skal matche undervisningsbehovet på instituttet, er feilslått

Herman Cappelen, professor i filosofi ved UiO

– All mi erfaring tilseier at gode forskarar kan undervise om mykje meir enn det dei skriv forskingsartiklar om. Tanken om at det ein forskar på skal matche undervisningsbehovet på instituttet, er feilslått, seier han.

Studentar som vil fordjupe seg i noko heilt anna enn det forskingsmiljøet har ekspertise på, bør heller flytte og ta utdanninga si ein annan stad, meiner Cappelen.

Karikert

Men kor langt er det eigentleg rimeleg å lausrive forsking frå undervisning? Cecilie Enqvist-Jensen, doktorgradsstipendiat i pedagogikk ved UiO, meiner Cappelen går for langt.

– Ein treng ikkje nødvendigvis vere toppforskar innan det ein underviser i, men ei forankring i forskinga bør i alle fall vere eit mål, seier ho.

Enqvist-Jensen synest dessutan modellane Cappelen teiknar opp er karikerte, og at problemskildringa hans ikkje er treffande for alle akademiske miljø.

– Innan nokon fag, som filosofi, er det kanskje kultur for at ein forskar åleine, men i andre fag jobbar ein mykje meir kollektivt, seier ho.

Stipendiaten peikar på at det går an å utvikle sterkare forskingssamarbeid utan å omstrukturere akademia slik Cappelen føreslår.

– Der eg jobbar, satsar vi på forskargrupper for å få opp kvaliteten i forskinga, samstundes som vi har fokus på undervisning. Dette er likevel ei utvikling innan «dyrehagemodellen», ikkje ein ny modell, seier Enqvist-Jensen.

Ikkje alle dyra

Samstundes som Cappelen blir utfordra frå filosofisk og pedagogisk hald, får han får tilnærma full støtte frå evolusjonsbiolog og professor ved UiO, Nils Christian Stenseth.

– Om eg skulle stille som rektor, ville dette vere eit godt utgangspunkt for eit program, seier Stenseth om Cappelens utspel.

Han er særleg einig i at universitetet må bli flinkare til å spisse ressursar rundt dei beste forskargruppene, og at studentane må vere villige til å flytte på seg ut frå faglege interesser.

– Om du ser til USA, så reiser studentane dit fagmiljøet er best på det dei er interessert i. Der er vi ikkje like gode i Noreg.

For å sikre ei kopling mellom forsking og undervisning meiner Stenseth likevel at fagmiljøa må ha ei viss breidde.

– Men vi kan vere gode på breiare undervisningsområde utan å vere gode på alt innan forsking. Vi treng difor ikkje alle dyra i dyrehagen.

– Men ein del forskjellige dyr?

– Ein del dyr må vi ha. Og planter, også, seier biologen.

Powered by Labrador CMS