INGA NYHEIT: NMH-student Jacop Hansen gler seg til konserten med Nancy Drew, men synest ikkje bandet representerar noko nytt.

Jazz-musikarar komponerar krim-country

Nancy Drew meiner dei utfordra gamle tradisjonar da dei rocka Parkteatret sist laurdag.

Publisert Sist oppdatert
KRIM-ROCKAR: Nancy Drew blandar stilartar på Parkteateret. Dei er det første country-bandet som uteksaminerast frå NMH.
BACKSTAGE: Gitarist i Nancy Drew, Johan Jørgensen, er fornøgd med eigen innsats.
IKKJE BERRE POSITIVT: Fagseksjonsleiar og lærer ved NMH, Morten Halle, åtvarar musikarar mot å gå for lite i djupna.

MUSIKK: – Nancy Drew markerar eit tydeleg skifte i type band og musikk som kjem frå studentar ved Noregs musikkhøgskole, seier vokalist Nina Mortvedt.

Ho meiner at det i dei sju siste åra har skjedd ei utvikling på Noregs musikkhøgskole (NMH) som inneber at elevane i mindre grad er låst til å følgje jazzpolitiets krav, og at dei no har større fridom til å utforske og definere eigne musikkretningar.

Presenterar detektivarbeid

Det er laurdag ettermiddag og saman med gitarist Johan Jørgensen, vikarierande bassist Tor Egil Kreken og trommeslagar Christian Skaugen er Mortvedt i gang med lydsjekk på Parkteateret. Bassist Annbjørn Husby har brekt aksla og kan diverre ikkje spele i kveld. Til gjengjeld får bandet god hjelp av saksofonist Fredrik Mortensen, trompetist Are Føreland, og trombonist Hans Friis, som utgjer kveldens blåserekkje.

Snart er alt klart til å presentere publikum for resultatet av eit omfattande detektivarbeid: Bandet er ikkje oppkalla etter hovudpersonen i ein detektivserie for ingenting. Nancy Drew var ein populær figur i Noreg på 50-talet – kanskje betre kjend under namnet Frøken Detektiv.

– Bandnamnet er valt mest av di det kling fint, og fordi det har ein feminin og sjølvstendig undertone. Dessutan tykkjer eg det er eit detektivarbeid å lage låtar: Eg startar med eit problem og finn løysinga som ein kombinasjon av tekst og melodi,

fortel Mortvedt.

Eksplosiv blanding

Førsteamanuensis Morten Halle, fagseksjonsleiar og lærer ved NMH, meiner utviklinga Mortvedt snakkar om ikkje er heilt ny.

– Det at ein og same person kan ha ulike identitetar og spele ulike typar musikk har vore vanleg sidan 90-talet, seier han.

Men han medgir at miljøet ved NMH no har vorte meir ope, sidan høgskulen har tatt opp fleire studentar og det tverrfaglege samarbeidet er tettare. Eit inkluderande miljø på den pedagogiske jazzlinja ved NMH har også bidratt til dette.

Mortvedt understrekar likevel at bandet er NMH-pionerar innan amerikansk country.

– Vi skiljar oss også ut frå andre country-inspirerte band i Noreg ved at vi speler ein eksplosiv blanding av rock og country, seier ho.

Det kan Halle vere med på.

– Eg kan gå med på at Nancy Drew er det første countrybandet som blir uteksaminert frå NMH. Slik representerar dei heilt klart noko nytt, konkluderar han.

Jakop Hanssen studerer trommer ved den pedagogiske jazz-linja ved NMH. Han er einig med Halle:

– Eg gler meg til å høyre Nancy Drew i kveld. Men dei skil seg ikkje spesielt ut frå andre band med medlemmar som er utdanna ved NMH. Miljøet her har alltid vore ope for å blande ulike stilartar.

– Surfar på overflata

Mortvedt og Hansen meiner begge det er positivt å kunne blande uttrykk:

– Utviklinga mot meir integrering av ulike uttrykk gjev grobotn for kreativitet, seier Mortvedt, som ser det som eit mål å vere fri til å utvikle seg i takt med kva stilart ein vil. Halle er meir skeptisk.

– Utviklinga gjev eit mangfald som er veldig positivt i skulesamanheng. Men det er også fare for at musikarane etter kvart berre surfar på overflata. Sidan musikk er ei kunstform som må kunne gjennomførast i real-time må godt handverk liggje i botnen, og då kan ein jo ikkje gjere alt på ein gong.

Detektivar på scena

Nancy Drew vart starta for om lag eitt og eit halvt år sidan, men har ikkje spela live sidan januar. No står dei på scenen på Parkteateret. Ingen cowboyar er å sjå – boots og lassoar har veke plassen for ein vakker, raud topp, kvite skjorter og svarte vestar. Men steelgitaren er på plass, og musikken har utvilsamt eit snev av country. Og av rock. Og av ei utdanning på NMH. Konserten pregast av fleirstemt song, og låtar som varierer frå det heilt rolege, triste, til det harde og rytmiske.

«Are there too many things to master, Too many colours to match?», syng Mortvedt. Røyken legg seg over scenen, og nokre minutt omsluttast musikarar og publikum av farger i gult og raudt og trampeklapp til eit taktfast «mere, mere».

På scena står Mortvedt som ein sikker frontfigur. Men er ho frontfigur for noko nytt og annleis?

– I kveld har vi spela krim-country, slår gitarist Johan Jørgensen fornøgd fast.

– De har funne opp ein ny sjanger?

– Ja. Hadde Nancy Drew vore blant oss, hadde ho heilt sikkert høyrt på oss i iPoden sin.

Powered by Labrador CMS