UNIVERSITAS: 22.AUGUST 2007

Synleggjering

Kjønnskløfta

Vitskapeleg publisering ved Universitetet i Oslo er mannsdominert. Ingen er sikre på årsaka, og mange teier.

Publisert Sist oppdatert

– Tradisjonelt har kvinner hatt meir ansvar for familie og heim, og dermed hatt mindre tid til å gjera akademisk karriere, seier Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved Universitetet i Oslo (UiO).

Ho trur omsorgsoppgåver kan vera ein del av forklaringa på at nesten alle fakultet har mindre kvinne- enn mannspublisering, men har ingen klare undersøkingar å vise til. Viserektor Inga Bostad stadfestar at universitetet ikkje har gjort systematiske undersøkingar på kvifor kvinner publiserer mindre.

– Men vi er svært nøgd med at det no er satt i gang ein debatt om dette, og skal følgje det opp, forsikrar ho.

Omsorg irrelevant

Fanny Duckert, leiaren ved Psykologisk institutt, har klare tankar om kvifor kvinner publiserer mindre, men er ikkje så oppteken av morsrolleproblematikken.

– Eg trur ikkje omsorgsoppgåver er hovudtingen, seier ho, og forklarar at gifte kvinner med småbarn publiserer minst like mykje som andre kvinner.

Ho får stønad av leiaren ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKK), Harriet Bjerrum Nielsen. I følgje Database for statistikk om høgre utdanning låg senteret i 2006 på tiandeplass nasjonalt når det galt publisering. SKK har 80 prosent kvinneleg tilsette. Publiseringsaktivitet har vore eit satsningsområde hos SKK, og Bjerrum Nielsen trur det faglege miljøet rundt forskarane er avgjerande.

– Mange av forskarane våre er småbarnsmødre, så kjønn og livssituasjon er ikkje annleis her enn andre stader, seier ho.

– Menn meir på hugget

Fanny Duckert meiner heller at ulik arbeidssituasjon for kvinner og menn kan vera ei viktig forklaring.

– Eg gjettar at menn er meir strategiske og tenkjer på eiga karriere medan kvinner tek undervisning og adminstrative oppgåver meir seriøst. Det trur eg har med kjønnsroller å gjera, seier ho.

Duckert oppfattar at menn er flinkare til å fremje seg sjølv.

– Ein annan ting eg ser, er at unge menn på instituttet mitt er meir på hugget når det gjeld krav om løn og posisjonar. Kvinner er forsiktige og tek i mindre grad initiativ eller går på barrikadane for eigne krav, hevdar Duckert.

Også Anna Vibeke Lorentzen trur at dei administrative oppgåvene kan bli urettmessig tunge for kvinner.

– Sidan det er krav om kvinnerepresentasjon i mange komitear, men færre kvinner enn menn å ta av, blir dette ei større tyngsle for kvinner, peikar ho på.

Bjerrum Nielsen på si side, stiller seg uforståande til at undervisnings- og administrasjonsoppgåver skal vera avgjerande. Ho viser til at SKK har relativt få tilsette til å fylle dei administrative oppgåvene, men likevel klarar å produsere mange publikasjonspoeng.

Nettverksmangel

– Menn har ofte større nettverk enn kvinner, seier Jone Salomonsen, professor ved Teologisk fakultet (TF).

Ho meiner kontaktflata er avgjerande for kor mykje ein endar opp med å publisere. I tillegg peikar ho på kulturelle trekk ved institusjonane.

– Det er sosialt enklare for eldre menn å knytte til seg yngre menn. Kombinasjonen manneleg tilsett og yngre kvinne er ikkje nødvendigvis heilt grei. Kulturelt er han meir tvitydig, og assosiasjonar blir knytt til kjønn på ein annan måte, meiner ho.

Salomonsen trur dette kan føre til at dei eldre tilsette vegrar seg for å ta dei yngre under vengene.

– Dersom du ikkje gjer noko ekstra, kan ingen mistenke deg, seier ho.

Teier

Teologisk fakultet (TF) hadde null prosent kvinnepublisering på nivå 2 i 2006. Men Salomonsen vil ikkje kommentere spørsmål om fakultetet eller si eiga publisering.

– Eg veit ikkje kvifor desse tala er slik, det må du spørja leiinga ved TF om. Vi er fleire kvinner som har publisert, her må det ha skjedd ein feil i registreringa, hevdar ho.

Heller ikkje Harriet Bjerrum Nielsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking vil kommentere eigen produksjon av publikasjonspoeng.

– Vi som er fast tilsette ved senteret produserer ikkje mindre enn dei som er mellombels tilsett. Utover det, ønskjer eg ikkje å informere om individuelle publikasjonspoeng. Desse kan svinge frå år til år, og det er det samla resultatet ved instituttet som er interessant for samanlikning, seier ho.

Etter det Universitas erfarer har fleire i det akademiske miljøet ytra ønske om at dette ikkje blir trekt ned på individnivå. Inga Bostad har stor forståing for det.

– Det er veldig mange måtar å drive forsking på. I einskilde fag kan det gå mange år før ein kan publisere noko. Og slik skal det vera, seier ho.

– Så kvifor er det vanskeleg for den einskilde forskaren å seia noko?

– Det kan ha noko med eit aukande press knytt til publisering å gjera. Det nye systemet var meint å vera ein måte å fordele mellom institusjonane på. Det skulle ikkje handle om den einskilde forskaren. Men så har det hatt ein boomerangeffekt. På individnivå har ein kjent eit aukande press, trur Bostad.

Fanny Duckert peikar på at det diverre ikkje finst noko mirakelløysing for å få fleire kvinner til å aktivt publisere forskingsarbeid. Ho meiner synleggjering av kvinner er ein god strategi.

– Det er ein påfallande tendens til at miljøa oftare trekkjer fram unge lovande menn framfor kvinner når ein blir invitert til forskingsoppdrag. Synleggjering av dyktige kvinner er ei pågåande utfordring som vi heile tida må arbeide aktivt med. Kvinner må kjempe ein stadig pågåande kamp for å være synlege, seier ho.

Duckert er medviten på dette og har ei eiga liste med namn på flinke kvinner.

– Slik kan eg minne meg sjølv og andre på at det ikkje er mangel på dyktige kandidatar når vi skal foreslå namn til prestisjefylte oppdrag, seier ho.

Ho er likevel klar på at dette er leiinga sitt ansvar.

– Eit viktig ansvar for leiinga er også å skjerme kvinnelige førsteamanuensar frå for mykje administrativt arbeid. Dessutan å aktivt rekruttere kvinner til innflytelsesrike nettverk, og å hjelpe til med skriving av gode forskingssøknader.

Powered by Labrador CMS