KONSERTSTART: Thomas Axelsen og Anine Johannesen let Siri Nilsen starte rekka av gratiskonsertar i Bokcafeén på onsdag.

Akustisk og gratis i Bokcafeén

Bokcafeén og Konsertforeininga Betong vil gje studentar ei god oppleving, fine konsertar og ein akustisk tilfluktstad.

Publisert Sist oppdatert

Desse spelar:

  • 16.januar: Siri Nilsen
  • 23.januar: Cold Mailman
  • 30.januar: Ingeborg Selnes
  • 13. februar: Johnny Hyde
  • Etter by:Larm skal i tillegg Therese Aune og Fatuhiva spele. Dato er ikkje fastsett.

I november fekk Bokcafeén og Konsertforeininga Betong (KB) 30 000 kroner i klubbstøtte frå Norsk Rockforbund. Etter nøye gjennomtenking har Anine Johannesen, leiar i KB, og Thomas Axelsen, leiar i Bokcafeén, kome fram til korleis pengane best kan kome studentane til gode. Onsdag 16. januar startar ein konsertserie på seks gratiskonsertar i Bokcafeén, kor unge norske artistar skal få utfalde seg akustisk.

Skal gje ei god oppleving

– Eg trur musikken passar godt med profilen til Bokcafeén. Det er ein fin plass for akustisk musikk, seier Axelsen.

Han fortel at konsertane vert ei blanding av jazz, pop og indie. Først ut er Siri Nilsen, datter av Lillebjørn.

– Siri Nilsen er dyktig og har ei utruleg vakker stemme. I musikkmiljøet er det jente med piano som er vanleg, så Nilsen greier å skilje seg ut med den særeiga stemma si og det at ho spelar ukulele, seier Johannesen.

På konserten har Nilsen i tillegg med seg Egil Clausen på mandolin og Helge Nysted på piano.

– Håpet er at konsertserien vert ei god oppleving der ein kan setje seg ned og slappe av, seier Johannesen.

– Og gjerne ta eit glas vin, skyt Axelsen inn.

Nøye utvalde artistar

Johannesen lovar og at dei tilbyr studentane kvalitet, sjølv om konsertane er gratis. Gåvepakka frå rockeforbundet har gjort det mogleg å få på scena artistar dei sjølv ønskjer ha der.

– Det er ikkje open mic vi arrangerar. Alle artistane er det vi som har vald sjølve, etter å ha oppsøkt dei aktivt, understrekar ho.

Johannesen trur konsertane kan vere eit godt høve for studentar til å få med seg kva som rører seg i musikkmiljøet.

– Vi kan tilby ei full pakke. Det vert fine konsertar, god stemning og kvalitet; alt ein treng, smilar ho.

– Og det gratis, understrekar Axelsen.

Powered by Labrador CMS