Victoria Willumsen Lewis går sitt tredje år av ein bachelorgrad på Barrat Due musikkinstitutt. Ho går inn i ein bransje styrt av offentlege bevillingar og håper kulturministeren vil bidra til å lyfte opp klassisk musikk.

Studentar har høge forventningar til ny kulturminister

Prioriteringane til Anette Trettebergstuen kan bli avgjerande for morgondagens kultur- og idrettsarbeidarar.

Publisert Sist oppdatert

Studentane Tora Husum Kristensen og Victoria Willumsen Lewis er begge glade for regjeringsskifte, og har store forhåpningar til den nye kulturministaren. For dei to kan Trettebergstuens politikk få betydeleg innverknad på kvardagen når dei skal ut i arbeidslivet.

Willumsen er fiolinist og går sitt tredje og nest siste år av ein bachelorgrad på Barrat Due musikkinstitutt. Ho skal altså ut i ein bransje som i stor grad er styrt av offentlege bevillingar.

Som klassisk musikar tenkjar ho mykje på den klassiske musikkens plass i samfunnet, og det er noko ho kjenner igjen hos medstudentane.

– Reint sånn musikkmessig trur eg det vi er mest opptatt av er å få klassisk musikk ut til folk, svarar ho på spørsmål om kva ho trur musikkstudentar er mest opptatt av politisk.

Inntrykket til Victoria er at mange oppfattar klassisk musikk som eit nisjefag, som kanskje er litt stivt. Ho er overbevist om at det finst noko for alle, ein må berre oppdage det.

– Akkurat der trur eg at politikarane kan bidra.

Les også: Tror ikke på Gud – jobber som kirketjener

Lover meir penger til kultur

Den ferske kulturministeren, Anette Trettebergstuen er opptatt av at alle skal ha tilgang til kunst og kultur uavhengig av kven dei er, og kvar dei bur. På e-post til Universitas fortellar ho at regjeringa vil løyve meir pengar til kultur, slik at vi får eit variert kulturtilbod, som er tilgjengeleg for eit breitt publikum.

«Vi vil også legge til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet, og den klassiske musikken er sjølvsagt ikkje noko unntak.»

Lewis opplever sjølv at kulturen vert litt gløymd, og uttrykker usikkerheit rundt det ho driver med.

– På skulen har vi snakka om kva som hadde skjedd viss det var fotballstreik

Victoria Willumsen Lewis, student

– Eg trur mange følar at det er hoplaust å komme nokon veg fordi vi føler at det er lite interesse for kultur generelt.

Ho trekk frem den nylig avblåste kulturstreiken som døme.

– No har det jo vore streik i kultursektoren i åtte veker og det er så mange, som ikkje har fått med seg at det har skjedd. Det er heilt merkeleg.

Ho meinar at dette ikkje handlar om at folk ikkje er interessert, men om manglande fokus frå media og politikarar.

– På skulen har vi snakka om kva som hadde skjedd viss det var fotballstreik. Det ville jo vore på nyheitane kvar dag og skapt masse engasjement.

Dette, i tillegg til at kulturlivet var det fyrste som stengte ned og det siste som opna opp under pandemien, gjer at kunstnarar følar seg gløymd, seier Lewis.

– Og det er jo veldig trist, for det bidrar i alle fall ikkje til at folk får opp augene for det vi driver med.

Til tross for dystre observasjonar, påpeikar Lewis at ho er meir spent enn bekymra for arbeidslivet ho skal ut i.

– Eg trur alle som driver med klassisk musikk no skjønner at arbeidslivet vårt sannsynlegvis kjem til å sjå ein del annleis ut enn det det gjer no. Det er behov for utvikling.

Ho forklarar at vi, satt på spissen, må tenkje nytt for at den klassiske musikken ikkje skal døy ut.

– Eg har ikkje noko fasitsvar på korleis ein skal få fleire til å komme på konsert, men eg skjønner at ein må gjere noko.

Kulturministeren på si side verkar ikkje bekymra for at den klassiske musikken skal døy ut.

"Eg vil alltid ønske nytenking i kultursektoren velkommen, men det betyr ikkje at det alltid er behov for drastiske endringar."

På spørsmål om det eigentleg er nokon vits i å velje klassiske musikkstudier i 2021, er Trettebergstuen heilt tydeleg.

«Alle kunstnariske felt treng nytt blod og nye impulsar for å fortsette å vere relevante, og eg håper unge som drøymer om å drive med klassisk musikk, følger den draumen og tar fatt på musikkstudia.»

Sjølv om Anette Trettebergstuens jobb stort sett vert omtalt som kulturminister og kunst og kultur får mykje fokus, er også idrett hennar ansvarsområde.

Les også: Gaming er ikke bare for gutta

Ønskjer statsråden velkommen

Tora Husum Kristensen er leiar av Studentstyret på Norges Idrettshøgskole, og ønskjer den nye statsråden velkommen.

Artikkelen fortset under biletet.

Under lupen: Kulturstudenter følger godt med på den nye kulturministerens politiske prioriteringer.

– Det inntrykket eg har fått til no er at den nye kulturministeren har eit veldig stort ønskje om å styrke idretten igjen. Det var jo ikkje akkurat idretten som sto fyrst gjennom koronapandemien.

I følgje Trettebergstuen sjølv har ho store ambisjonar for idrettspolitikken, og trekk frem at Hurdalsplattformen inneheld fleire tiltak som skal sikre gode rammevilkår for idrett og fysisk aktivitet.

«Vi har ein stor jobb å gjere for å få barn og unge tilbake til idrett og aktivitet i kjølvatnet av koronapandemien,» påpeikar Trettebergstuen.

Kristensen har latt seg imponere av statsrådens umiddelbare engasjement for idretten, men den store begeistringa let vente på seg.

– Vi må sjå om det berre er tomme ord eller om det er noko handlekraft i det.

Studentstyreleiaren er på sitt andre år av ein master i fysisk prestasjonsevne, noko ho sjølv skildrar som nerdeversjonen av idrett.

Politisk sett er det foreslåtte budsjettkutt for Idrettshøgskulen, som opptek ho mest om dagen.

Når det gjelder idrettspolitikken, håpar Tora på ei styrking av fokuset på idrett og fysisk aktivitet på alle arenaer.

– Under koronanedstenginga kom effekten av idretten, både på fysisk og psykisk helse, heldigvis mer på dagsordenen, og til og med stortingsrepresentantene nevnte idrett- og treningsbransjen. Eg meinar det er viktig, seier Kristensen.

Når det gjelder arbeidslivet ho snart skal ut i, er arbeidsforhold i idretten noko som opptek ho.

– Det er mykje innafor idretten som er i gråsonen mellom frivillighet og betalt arbeid, det er mykje som foregår bak lukkede dører, og rett og slett alt for mykje som ikke følgjer boka, forklarar ho.

Les også: Heksekunst, spådommer og nyre­li­giøse studenter

Roser frivillig deltaking

På spørsmål om kva ho tenkjar om denne problemstillinga, er Trettebergstuen mest opptatt av å rose dei frivillige i idretten

«Idretten er heilt avhengig av at foreldre og andre frivillige stiller som trenarar, vaffelseljarar og vakter. Frivillig deltaking skaper fellesskap og inkludering og er noko av det finaste vi har i Noreg.»

Men ho legger til at riktige arbeidsforhold er viktig.

«Der folk er tilsette i idretten, skal det skje i ordna former og under ordentlege forhold. Som arbeidstakar har ein både rettar og plikter. Idretten må sjølvsagt følge spelereglane i arbeidslivet for sine tilsette, slik som alle andre.»

Både Lewis og Kristensen har store forhåpninger til den nye ministeren, og dei er ikkje redde for å stille krav. Det er heller ingen tvil om at Anette Trettebergstuen har ambisiøse planar for feltet.

Powered by Labrador CMS