Studieprogrammer
Fryktar nedbemanning:
Høyskolen Kristiania førebur sluttpakkar
Sluttpakkar, stillheit og usikker framtid pregar både studentar og tilsette etter inntaksstansen ved scenekunstlinjene ved Høyskolen Kristiania.
Høyskolen Kristiania (HK) stansar opptak til skodespel, dans og musikkteater. Studentar og tilsette ved Institutt for scenekunst er urolege. No førebur høgskulen sluttpakkar til dei tilsette ved instituttet.
Sjokk og uro blant fagtilsette
– Det var ein tøff beskjed å få. For både studentane og oss fagtilsette opplevdes det som å bli treft av ein tsunami, seier Audny Chris Holsen, studieprogramleiar for bachelor i skodespel.
Ho fortel at stemninga blant dei tilsette har vore prega av sjokk og uro etter at leiinga informerte om at studieprogrammane vart stoppa og at nedbemanningar kan bli aktuelle.
– Det var inga overrasking at det kom. Når ein organisasjon tilbyr sluttpakkar, veit ein jo at det kjem nedbemanningar. Dette er vanleg i slike prosessar, men det er klart mange reagerer sterkt, seier ho.
Ho understrekar at usikkerheita er stor.
– Det blir arbeidd med dette no, og det skal bli klarheit om ikkje så lenge. Det er usikre tider, og difor er det viktig å få dette på plass raskt.
Leiinga førebur sluttpakkar
Dekan Kristin Arnesen ved avdeling for scenekunst stadfestar at høgskulen førebur frivillige sluttpakkar, men avviser at dei allereie er tilbydde.
– Vi har ikkje gitt noko tilbod enno, men vi har informert om at det sannsynlegvis kjem, seier Arnesen.
Ho meiner nedbemanning er ein naturleg konsekvens av at opptaket stansar.
– Når vi stoppar opptak og skal lage noko som er mindre ressurskrevjande enn i dag, veit vi at vi treng færre folk framover. Frivillig sluttpakke er ein måte der våre tilsette sjølv kan velje, seier Arnesen.
Arnesen forklarer at HK, som mange andre utdanningsinstitusjonar, står i ein krevjande økonomisk situasjon. Auka driftskostnader, inflasjon, høgare leigeprisar og press på ressursbruk gjer at høgskulen må prioritere for å sikre økonomisk berekraft.
Ho avviser likevel at avgjerda handlar om å prioritere bort kunst.
– Dette skjer på tvers av alle fagområde på Kristiania. For oss handlar dette om å sikre at unge menneske framleis får moglegheita til å utdanne seg innan kunst, kultur og skapande fag, på ein måte som er både fagleg relevant og økonomisk berekraftig, seier Arnesen.
Samtidig seier dekanen at leiinga ønskjer å bruke pausen til å tenkje nytt. Målet er, ifølgje henne, å bygge ei meir berekraftig scenekunstutdanning, ei som er i takt med endringane i feltet og arbeidslivet.
I ein tidlegare artikkel av Universitas (28. oktober) understrekar Arnesen at HK vil bruke tida fram mot 2027 til å utvikle eit nytt og samla bachelorprogram i Perfoming Arts, eit program som skal vere mindre ressurskrevjande og tilpassa framtidas scenekunstfelt.
Frykt for varig nedlegging
For Iris Abtahi (22), tredjeårsstudent i musikkteater ved HK, har den siste tida vore tung.
– Eg føler meg litt apatisk eigentleg. Det har vore ei krevjande veke å halde fokus på studiet medan dette heng over oss, seier ho.
Eg føler meg litt apatisk eigentleg.
Etter protestane meiner ho oppfølginga har vore mangelfull. Førre veke møtte over hundre studentar opp i raudt for å protestere mot vedtaket. Abtahi opplevde møtet med dekanen som lite forpliktande.
– Vi fekk møte leiinga, men svaret var halvhjarta. Eg sit igjen med kjensla av at dei ikkje hadde forventa at vi skulle reagere.
Ifølgje ho er det misvisande når leiinga omtalar avgjera som ein pause.
– Dei seier det ikkje er ei nedlegging, men når tre linjer forsvinn utan garanti for at dei kjem tilbake, så er det jo nettopp det.
Abtahi fryktar at når det ikkje finst scenekunstbachelorarar igjen i Noreg, vil mange søkje seg til utlandet og dermed mister ein både unge talent og framtidige kunstnarar.
Bekymring for fagleg kvalitet
Skodespelstudent Kari Eline Kristvik Meinhardt (20) fryktar at ei samanslåing av dei tre utdanningane vil svekkje kvaliteten. Ho peikar på at dagens struktur gir studentane moglegheit til å fordjupe seg i teknikkar frå første dag.
– I eit breiare løp vil mykje tid gå med til å lære alle litt av alt, i staden for å utvikle særskild kompetanse. Det er vanskeleg å bli ein sterk skodespelar når ein berre får eitt år med spissing, seier ho.
Ho meiner samfunnet undervurderer verdien av kunstutdanningar.
– Kunst er ikkje økonomisk lønsamt i seg sjølv, men det er veldig samfunnsøkonomisk lønsamt. Og det er så synd at folk ikkje ser den verdien, seier Meinhardt.
Julian Skaale Staveteig (21), er førsteårsstudent i musikkteater. Han har også blitt valt som tillitsutvalt nestleiar ved campuset Urtegata til HK, og har vært med på møter saman med dei andre studentar anngåande saka.
– Eit eksempel som leiinga har sagt til oss om korleis dei kan spare på, er å ha meir samanslåtte timar, og fleire elevar per lærarar i ein høgare andel av timane, seier han.
Staveteig seier at mange studentar fryktar at renomméet til utdanninga vil bli negativt påverka.
– Linja som den er nå i dag, er dyr å drifte. Eit eksempel på dette er at nokon i klassen har ein-til-ein time med ein stemmepedagog med doktorgrad, og dette er ein av mange grunner til at linja må legges ned, ikkje fordi den er dårleg som den er nå.
Endringar midt i studieløpet
Meinhardt peikar òg på at studentane betaler høge skolepengar for eit tilbod som no endrar seg midt i studieløpet.
– Vi søkte på ein skule med visse fasilitetar og tverrfagleg miljø. No skal fagskulen Bårdar flytte inn, og vi mister rom og ressursar. Det kjennest som eit avtalebrot, seier ho.
Staveteig seier at han har observert at mange studentar kritiserer kommunikasjonen som kom frå leiinga.
– Fleire studentar er frustrerte over at dette ikkje kom tidlegare, og ein mistenkjar at leiinga visste om denne informasjonen lenge før dei fekk den.
Til tross for mange medstudenters bekymring, tenkjer Staveteig at dette ikkje trenger å vere ein negativ utvikling.
– Det kan faktisk bli bra. Det tverrfaglege i den nye scenekunstbacheloren har potensial, sidan dei ulike scenekunstfaga ofte kan støtte kvarandre. Vi har gode pedagogar, som forhåpentlegvis får ansvaret for å utvikle den nye bacheloren, seier han.
Ny bachelor på trappene
Arnesen seier fagmiljøet får ro til å utvikle det nye programmet.
– Det blir eit års pause, slik at dei tilsette får tid til å utarbeide noko nytt. Målet er ein bachelor i scenekunst klar til opptak i 2027, seier ho.
Ho erkjenner at prosessen er krevjande.
– Det opplevast dramatisk for mange av dei tilsette, og eg forstår at studentane er frustrerte. Vi prøver å vere transparente, og at studentane skal bli høyrde, seier Arnesen.
Holsen meiner fagmiljøet framleis står samla.
– Vi står i ein vanskeleg situasjon, men det viktigaste no er å halde fokus på utdanningskvaliteten. Vi som er her, vil kjempe for faga våre, seier ho.
Det viktigaste no er å halde fokus på utdanningskvaliteten.
Ho håpar leiinga tek lærdom av reaksjonane.
– Denne saka viser kor sterkt studentane bryr seg. Eg håpar det blir tatt med inn i arbeidet framover, både som eit varsko og som eit teikn på at engasjementet lever, seier Holsen.
Les også: