OPPGJEVEN: Lingvitikkstudent Alex Yuan (26) er oppgjeven over at UiO vil ha same studiavgift som før.

Studieavgift 

Vil søkkja studieavgifta:
– Mistar kompetanse og mangfald

Regjeringa har snudd om lågare studieavgift for tredjelandsstudentar, men for studentane er det framleis ikkje godt nok.

Publisert

Ordninga om studieavgift for alle internasjonale studentar utanfor EU/EØS og Sveits har vore kontroversiell heilt sidan ho vart lansert i statsbudsjettet for 2022. I 2025 rapporterte Khrono at om lag 80 prosent av internasjonale studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits hadde forsvunne. 

Det har ført til mykje svakare rekruttering i mange område. Bland dei som har vorte mest råka er naturvitskaplege og tekniske felt. No vil styresmaktene opna for at institusjonar kan setja lågare studieavgifter for internasjonale studentar. 

Pris påverkar etterspørsel

«Norske universiteter skal være attraktive for internasjonale studenter, og derfor gjør vi nå endringer som kan øke pågangen igjen. Vi har sett at prisen helt tydelig påvirker etterspørselen, og med mer konkurransedyktige priser kan institusjonene styrke rekrutteringen til fagområdene der behovet er stort framover,» seier forsknings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ein pressemelding frå Kulturdepartementet.

Vi har sett at prisen helt tydelig påvirker etterspørselen

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap)

Den nye lova er ikkje ei tilbakevending til tida før innføringa. Det kjem framleis til å kosta for desse studentane å ha studietida i Noreg. Løyvinga som staten gjev til universitet og høgskular vart sette ned på grunn av studieavgifta kjem ikkje til å verta oppjustert. Avgifta kan vera lågare enn før om utdanningsinstitusjonane prioriterer det i budsjetta sine.

 – Ikkje godt nok

AMBIVALENT: Christian Olesen (25) frå Oslomet er i tvil om framlegget er godt nok.

Christian Olesen (25), Utdanning- og internasjonaliseringsansvarlig i studentparlamentet ved Oslomet er skuffa over at studieavgifta held fram. 

– Ho endra samansetjinga. Me hadde ganske bra med internasjonale studentar, særleg i produktdesign og ein del andre stader – me har mista alle.

Olesen er tydeleg på kva konsekvensane av studieavgifta har vore:

– Om ikkje familien din har pengar eller du er ekstremt heldig med å få eit eller anna stipend so har du ikkje sjangs. Då dreg du ikkje til Noreg. 

Han understrekar kva dette fører med seg: 

– Du mistar både kompetanse og mangfald.

Olesen forklårer at reglane no tarv at tredjelandsstudentar lyt betala ei studentavgift som dekkjer alle kostnadene knytt til at dei tek utdanninga si i Noreg.

– Alle kostnadene til materiale og til maskiner kostar ekstremt mykje. Det er ingen som kan betala det med mindre du kjem frå ein ordentleg oljefamilie.

Han konkluderer oppgjeven:

 – Då mistar dei alle.

– Trur du at det kan verta ein ny vind for Noreg som studiedestinasjon med desse nye reglane?

– Eg trur ikkje det er godt nok.

 Han meiner at finansieringsmodellen til universiteta stiller urimeleg krav til internasjonale studentar: 

– Per no må ein internasjonal student betala like mykje som universiteta får for studiepoengproduksjon. Det er ein sum per poeng gjennomført – studium som har til dømes høgare materialkostnader får meir, seier Olesen. Han peiker på produktdesign som døme. Ifølgje Olesen vil prisen liggje på alt mellom 50.000 til 90.000 kroner. 

Kjenner seg makteslaus

Jusstudent Meng Zihao (26) som skal byrja på master i menneskerett ved UiO til hausten er glad for dei nye reglane:

– Eg la planane for å dra til Noreg å ta master då det var gratis. Studieavgifta fekk meg til å revurdera. Det er urettferdig at i eit klasserom er det nokon som betala og nokon som ikkje måtte det. 

Masterstudent i lingvistikk Alex Yuan (26) er på si side ikkje nøgd:

– Det er ironisk: Eg betalar dette landet for å læra meg opp til nokon som Noreg kan dra nytte av. Men når eg er ferdig kan dei framleis velja om dei vil ha meg eller ikkje. 

Yuan fortel at han betala 160.000 kroner i det akademiske året 25-26.

– Neste år må eg betala like mykje, eller kanskje litt meir. Eg er maktslaus.

Zihao er ambivalent når det gjeld kostnaden.

– Eg fekk fire tilbod: frå Universitetet i Agder (UiA), UiO, Universitetet i Søraut-Noreg (USN) og Noregs miljø-og biovitskapelige universitet (NMBU). Eg veit at UiA si studieavgift berre er på 60.000, men UiO har framleis best verdi for pengane.

– Studieavgifta slik ho er no er nesten like mykje som løna til far min, han tener betre enn kinesarar flest – få eg kjenner ville hatt råd til studieavgifta no.

Studieavgifta slik ho er no er nesten like mykje som løna til far min

Meng Zihao (26), jusstudent

Oslomet optimistiske

Oslomet vel å ikkje kommentera saka, men syner til prorektor for utdanning Silje Fekjær som fortalde avisa i 2025 at dei går inn for å kutta i utgifta om dei får lov. Ho peikte òg på produktdesign som då skal gå frå 418.000 til 95.000 kroner. 

Institusjonar som UiT Norges arktiske universitetog Universitetet i Stavanger (UiS) lovar kutt i avgifta. Universitetet i Oslo (UiO) på si side seier at dei skal venta på det fullførte lovframlegget, og at løyvinga deira etter 2024 vart redusert fordi utenlandske studentar skal ha studieavgift. I april i fjor vedtok universitetsstyret at satsane for tredjelandsstudentane justerast kvart år, satsane 2026/2027 er bland anna 569.000 kroner i året for medisin og odontologi.

Per no er det ikkje godt å seia korleis det nye reglementet – om det vert vedteke – vil sjå ut i for studentane. Det er eit spørsmål om kor mykje rom universiteta og høgskulane får når dei ikkje får nokon auke i grunnløyvinga si. 

Powered by Labrador CMS