DÅRLEG OPPMØTE:-Studentar, veit du. Dei har framleis ferie, seier Camilla Aasgard, som sjølv var ferdig med utdanninga i 2006. F.v. Camilla Aasgaard, Negina Mamadova og Vilde Eide Skingen.

Studentlag utan studentar

På topplaga til OSI er nivået for høgt for dei fleste studentar, og det er dyrt å vera med. Tolv tusen kroner i året kostar det å spela for førstelaget til Basketgruppa.

Publisert Sist oppdatert

Ei av gruppene i Oslo studentidrettsklubb (OSI) som slit med å rekruttera studentar er OSI Basket. Trenar for førstelaget til basket-herrane, Bård Madsen, oppgjev at økonomi er hovudproblemet.

– Det vert mykje for studentar å betala tolv tusen kroner i året for å spela basketball. No har me kanskje femti prosent studentar på laget, seier Madsen.

For høgt nivå

Laget hans spelar i førstedivisjon, og har kampar over heile landet. Dei mottek ein del økonomisk stønad, men spelarane må likevel ta ein god del av reiseutgiftene sjølve.

– Eg trur det er mange av laga i toppen som har det slik, held han fram.

Han fortel at det er aktuelt å seinka ambisjonsnivået for å få med fleire studentar.

«Me vurderer å gå ned ein divisjon, slik at fleire studentar kan vera med»

Bård Madsen, trenar

– Me vurderer å gå ned ein divisjon, slik at fleire studentar kan vera med, så får heller dei andre spelarane finna seg eit anna lag, seier Madsen.

Naudsynt

Erlend Vestad, kontaktperson for volleyballgruppa i OSI, hevdar på si side det er naudsynt å henta inn ikkje-studentar til laga.

– Mange gode spelarar som studerer har allereie spelt lenge på andre klubblag, og vil ikkje skifta til OSI, seier han.

Han meiner det å henta inn ikkje-studerande spelarar gjer at ein kan halda eit høgare nivå og gje alle spelarane eit betre tilbod, men understrekar at dei gjerne vil ha studentar på laga.

– I det siste har me hatt eit sterkare fokus på å rekrutera studentar, og det er fleire studentar på laga i dag enn tidlegare, seier Vestad.

Studentkrav

– Me opererer med ein regel om at 80 prosent av medlemmane skal vera studentar, seier dagleg leiar i Oslostudentenes idrettsklubb (OSI), Ina Brodahl.

Om lag halvdelen av inntektene til OSI kjem som tilskot frå Velferdstinget via SiO, og regelen finst for å sikra at det hovudsakleg skal vera studentar som nyt godt av midlane. Dei 20 resterande prosenta av medlemsmassen skal i utgangspunktet bestå av personar som har fullført studia, men som ikkje ynskjer å slutta på laga sine.

Regelen om 80 prosent studentmedlemskap gjeld for OSI som heilskap, og etter det Universitas kjenner til er ofte delen som ikkje studerer større på førstelaga i dei ulike gruppene innan OSI og mindre på lag i lågare divisjonar.

– Dette styrer laga individuelt. Om du har delteke i lagidrett veit du kor viktig det er med god kjemi i spelargruppa, og då ville det vera dumt å tvinga ut folk som ikkje lenger studerer, seier Brodahl.

– Vil det seia at ein som student ikkje kan rekna med å spela på høgste nivå i OSI?_ – Ein må belaga seg på å spela seg oppover i systemet. Men om to medlemmar er like gode, og ein er student og den andre ikkje, vil studenten få plassen på laget.

Powered by Labrador CMS