DEBUTANT: Historiestudenten Geir Stian Orsten Ulstein har sterke meiningar om korleis sanning endrar seg over tid.

Bak piggtråden

Geir Stian Orsten Ulstein let historieskriving få gjennomgå i debutromanen.

Publisert Sist oppdatert

LITTERATUR: – Boka mi kjem lengre innanfor piggtrådgjerdet enn historiebøkene gjer. Dei gjev berre ei framstilling, men utan lukt og smak. Det vert berre fotnotar. Forfattaren tek kjeldene han har og vrir dei slik han vil. Ein roman har plass til fleire mostridande stemmer.

FYRER LØS: Orstein Ulstein vert engasjert når han snakkar om synet sitt på historiefaget.
FYRER LØS: Orstein Ulstein vert engasjert når han snakkar om synet sitt på historiefaget.

Geir Stian Orsten Ulstein sit på ein kafé i Oslo og snakkar om debutboka si. Piggtrådroser ligg framfor han. Tittelen har han visst heile tida. Så redd var han for at nokon skulle stele den framfor nasen på han, at då han sendte manuset sitt til Gyldendal hadde boka namnet PTR.

– Forleggjaren min planla til og med korleis framsida med tittelen PTR skulle sjå ut. Dei hadde ikkje skjønt at det berre var eit kodeord, seier Orsten Ulstein leande.

Bestefar i krigen

Masterstudenten i historie har skrive bok om bestefaren, Torvald, og medstudentane hans som vart deportert til Tyskland og konsentrasjonsleirar der under krigen. Om fangenskap, samhald og overleving. Om kor langt krigen og nauda dreiv dei for å overleve, og kome seg heim att.

I 1945 skreiv Torvald Ulstein om dei same opplevingane. I time etter time på skrivemaskinrommet på Det juridiske fakultet. Prøvde å få ut kjenslene som sat att. Manusa er utgangspunkt for Orsten Ulstein si bok.

– Når eg les det no ser eg at for han var det nok meir krisepsykiatri. Ein måte å få det ut av kroppen, seier barnebarnet Geir Stian.

Det var vanskeleg for Torvald å komme attende til Noreg etter fangenskapet. På Karl Johan var det 17. mai kvar dag, og overalt var det feira at Noreg hadde vunne krigen. Det var berre bestemd slik. For dei attende frå konsentrasjonsleirane var nok dette ikkje berre enkelt.

– Han kjende nok at han berre hadde overlevd. At det ikkje var noko å skryte av. At det ikkje var han som hadde vunne krigen.

Ikkje tenkt debutroman

Orsten Ulstein trur det er det som gjorde det så vanskeleg å fortelje. At det tok femti år før han verkeleg opna seg. Det var først då han byrja fortelje om det, og det var sonesonen som fekk dei første innblikka. Torvald sneik til Geir Stian tekstane han hadde skrive etter krigen, og vekka interesse.

– Samarbeidet starta i møtet mellom bestefar sitt behov for å fortelje og mine eigne litterære ambisjonar, seier Orsten Ulstein.

Han pla reise til bestefaren på Lier på besøk. Der laga dei middag saman og drakk litt vin. Slappa av. Det gjorde det nok litt enklare. At flyten gjekk lettare.

– Det er faktisk sju år sidan i morgon at eg intervjua han for første gong. Det er lenge sidan. Det har teke mykje tid, seier han og vert stille.

Det var ikkje denne boka som skulle verte den første han skreiv. Men så vart det berre slik. Historiene måtte ut og ned på papiret før han kunne sette i gong med noko anna. Den ville ikkje sleppe taket.

– Då eg først hadde byrja, kunne eg ikkje slutte før eg var ferdig, seier han.

Boka har endra seg gjennom prosessen. Og vakse med Orsten Ulstein, som gjekk frå å vere 18-årig vidaregåandeelev til 25-årig masterstudent. Han trudde sjølv han kunne skrive boka som 20-åring, men fann fort ut at det ikkje var så enkelt. Det var så omfattande at han trengde meir tid. Interessa for historiefaget vaks saman med prosjektet, og fekk han til Det humanistiske fakultet på Universitetet i Oslo. Noko som vart heilt avgjerande.

– Eg kunne ikkje ha skrive denne boka om eg ikkje hadde gått på historie, fastslår han.

Harde spark

Forholdet til historiestudiet er likevel noko ambivalent. Gjennom debutboka kjem Orsten Ulstein med fleire harde spark mot historiefaget.

– Ein stor del av spørsmålet i boka er korleis ein oppfattar historia. Eg har nokre problem med historiefaget, for å sei det slik. For meg vert alt så subjektivt. Trua på historieskriving var mykje større då eg byrja, no er det slik at eg nesten har vanskar med å skrive masteroppgåva mi, sier Orsten Ulstein og smiler.

Samarbeidet med bestefaren har gjeve han mykje å tenkje på. Om korleis forholdet til tid endrar seg, og om korleis ein hugsar.

– Bestefar min kunne fortelje i detalj om ting som skjedde med han for femti år sidan, medan eg kan ha vanskar med å hugse kva eg gjorde førre veke. Endå mindre for sju år sidan, seier han og ser ned i den tomme tekoppen.

– Mine ord

Utanfor vindauget er det kaldt. Om ikkje lengje kjem isen og lagar roser på piggtråd att. Det skal visst vere vakkert i sollys.

Geir Stian seier alt i boka er sant, men at han ikkje trur på alt bestefaren har fortald han. I løpet av femti år forsvinn nok noko og noko vert lagt til. Framstillinga vil uansett ikkje vere meir feil enn i ei historiebok om andre verdskrig, hevdar han.

Boka er skriven i brotstykke. Om ein skal skrive om noko så vondt som konsentrasjonsleirane under krigen, kan ein ikkje skrive kronologisk. Det vert for rått. Å få vite kva kampar og utfordringar nokon nære deg har gått gjennom kan vere tøft, og det er nok ein av grunnane til at prosessen tok så mange år for Orsten Ulstein. Men han tok det innover seg. Og skreiv det ned. No er det ikkje lengre berre ein løyndom bestefaren bar på, no er det Geir Stian si debutbok.

– Det er mi historie no. Det er mine ord.

Han legg handa på boka. Tydeleg stolt.

Les melding av boka på side 20.

Powered by Labrador CMS