Studentparlamentet
Tomt lokale skapar strid på Blindern
Lokalet i Kristian Ottosens hus på Blindern har stått tomt sidan Akademika flytta ut i 2024. UiO vil ha lokalar til dei tilsette. Studentparlamentet meiner studentar bør bli prioritert.
– Me vil ikkje ha heile bygget, me har tilbod som SiO Helse og Grønt kontor, men me vil ha studentareal i den gamle Akademika-delen av bygget.
Det seier Milad Rizvan, leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (UiO). Kristian Ottosens hus rett ved Frederikkeplassen på Blindern campus har stått tomt sidan Akademika flytta ut av lokalet i 2024. Studentparlamentet har sidan då kjempa for at lokalet skal gå til studentane. No skal dei røysta over dei skal skifta fokus til Union-lokale.
Studentane mot pengemakta
I mai 2025 rapporterte Universitas at Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (Matnat) hadde vore på visning på lokalet, sjølv om universitetsleiinga tidlegar hadde verka positivt innstilte til at studentforeiningar skulle få lokalet til bruk. No har leiinga lagt fram noko nytt: at studentane kan overta Union. Union er ein kafé i andre etasje i Frederikke-bygget som har bland anna brettspel og pizzaservering.
26. februar kjem Studentparlamentet til å røysta om dei vil halda fram med Kristian Ottesens hus eller flytta over til Union. Rizvan forklårer at det skal koma eit KI-senter på campus og at dei kanskje skal ha kontor i Kristian Ottosens.
– Eg veit ikkje kor mange studentar som har lyst å sitta på kontor saman med tilsette.
Berre ei omrukkering
– På UiO er det ein mangel på nye og fine studentareal, hevdar Rizvan.
– Det kan vera foreiningslokale tett på sentrum av campus der alle studentane kjem, eit fakultetsnøytralt rom. Det er veldig mange foreiningar som ikkje har eigne lokale.
Han skildrar korleis dette kan sjå ut, med både minglerom med scene so kunne ein hatt sokalla tematiske rom.
– Det er jo ikkje eit so stort areal, du får jo ikkje plass til alle der?
– Det er det som er intensjonen med slike tematiske rom, at du kan samla fleire ulike foreiningar, svarar Rizvan.
– At dei ikkje har eit eige areal, men at dei får eit rom som høver for deira tematikk. Den tematikken skal dei foreiningane som tek dette arealet i bruk avgjera.
Studentleiaren held fram med at sidan Kristian Ottosens hus er «nye» areal, bør dei gå til studentane i standen for Union som allereie er studentareal.
– Dette er ein veldig kronglete og feil prosess som har gått veldig sakte. Det har skjedd ting me ikkje har fått informasjon om, og det har enda med dette framlegget om Union.
Rizvan påpeik at det ikkje er opp til arbeidsutvalet å avgjera, difor skal det vera ope møte og røysting over saka.
– Me vil gjerne taka den diskusjonen til parlamentet. Då ynskjer me òg at rektoratet greier ut kva deira syn på saka er, og kvar ting har gått gale.
Byråkartisk sabotasje
Rizvan greier ut kvifor fordelingsmodellen til UiO ikkje legg opp til effektivt samarbeid om byggeprosjekt.
– Effektivt sett er det eitt fakultet av gongen som kan finansiera bygg, det gjer at desse fakulteta skal ha mykje meir å seia for kva desse bygga skal vera til. Det er vanskelegare å finansiera fakultetsnøytrale lokale fordi, brukar ein økonomi på noko vil ein helst ha meir å seia der, det går utover våre moglegheiter.
– Er du bekymra for denne saka?
Eg er bekymra for korleis ein omdisponerer areal som er for studentane allereie
– Eg er bekymra for korleis ein omdisponerer areal som er for studentane allereie, kan det ha ein negativ effekt? Det som har vore eit stort problem i prosessen er interfordelingsprosessen til UiO og betalingsmodellen.
Universitas har sendt UiO ei henvending om saka, men dei svara ikkje før avisa gjekk til trykk.
– Pro-student
Historiestudent Jakob Reinersen (20) og statsvitensskapsstudent Elias Reed (21) er begge positive til at Union kan verta eit foreiningslokale.
– Union, den pizzasjappa? Eg støttar eit foreiningslokale meir enn ein restaurant, seier Elias.
Reinsersen er litt meir usikker enn kameraten.
– Dette er mitt andre semester, so eg har ikkje involverte meg so mykje med dei fellesareala som eg skulle ynskje. Eg trur eg har vore på Union ein gong og det har vore ganske greitt.
Når det gjeld Kristian Ottosens hus er dei tydelege.
– Eg hadde føretrekt om det vart gjeve til studentar. Eg veit ikkje korleis kontorsituasjonen er, er det ein mangel på kontor? Eg er i alle fall pro-student, seier Reinsersen.
– Samd, det er best at studentane for bruka det arealet, følgjer Reed opp.
Kostnadseffektivitet über alles
Statsvitskap og økonomistudent Ane Sonja Heier (23) veit kva dei helst ville hatt om ho skulle bevilga Kristian Ottosens.
– Å! Hadde vore koseleg om det hadde vore ein hyggjeleg dansk surdeigskafé. Ein stad med god kaffi, gode bakevarer.
Vennina, økonomistudent Cellina Thu Do (21) stemmer i.
– Ja, det hadde vore veldig koseleg med kafé, eller noko i den dur.
– Ja! Eller, me har vel eigentleg nok kaféar.
Studentane tykkjer det er viktig at Studentparlamentet prioriterer det økonomisk gunstige valet.
Kva enn dei røyster for bør vera kostnadseffektivt
– Parlamentet burde røysta for Union om det fører til at UiO får større inntekter som dei då kan bruka på studentane, og at kva enn dei røyster for bør vera kostnadseffektivt, seier Ane Sonja.
26. februar vert det avgjort om Studentparlamentet skal seia seg samde i UiO si kompromissløysing om å gje Union til studentane.