Studentanes fredspris
– Mitt sterkaste våpen er kameraet mitt
22 år gamle palestinske Mohammad Hureini får Studentanes fredspris 2027. Han kjempar ein dagleg kamp mot Israels okkupasjon på Vestbreidda.
– Som palestinar blir du fødd inn i denne uretten. Rettane dine er tatt frå deg, sjølv før du blir fødd.
Dette seier Mohammad Hureini (22) då Universitas kontaktar han etter at han blei annonsert som vinnaren av Studentanes fredspris 2027 sist laurdag.
– Då eg fekk vite at eg hadde fått prisen, gav det meg meir håp. Det viser at folk framleis ser til oss i denne utruleg vanskelege perioden til mitt folk, under kolonisering og okkupasjon som bryt ned stabiliteten vår.
– Særleg er det sterkt fordi prisen kjem frå Noreg og fordi eg ser kor mykje det norske folket står saman med palestinarane i denne tøffe tida.
Arrestert elleve gonger
Han kjem frå det palestinske samfunnet Masafer Yatta, som ligg sør på den okkuperte Vestbreidda. Området består av rundt 18 landsbyar som har vore prega av aukande vald frå israelske busetjarar, risiko for fordriving og store restriksjonar på rørslefridomen, noko Amnesty fleire gonger har dokumentert.
På 1980-talet oppretta også det israelske militæret eit skytefelt i dette samfunnet.
– Dette skytefeltet var eit påskot for å rettferdiggjere etnisk reinsing og gi rom for utviding av ulovlege busetjingar på palestinsk land, meiner Hureini.
I 2017 grunnla han og broren grasrotinitativet Youth of Sumud, som arbeider for å engasjere unge i arbeidet med menneskerettar, fred og retten til utdanning. Eit av dei viktigaste tiltaka har vore å følgje skulebarn til skulen for å beskytte dei mot busetjarvald.
Hans aktivisme har ikkje kome utan personlege konsekvensar.
– Eg byrja med aktivisme då eg var 13 år gammal og blei arrestert åtte gonger før eg fylte 18, og totalt elleve gonger til no.
Han påstår at Israel systematisk jobbar for å teie alle som snakkar om israelske overgrep.
– Det er prisen ein må betale for dette. Familien min har lenge kjempa med ikkje-valdeleg motstand mot okkupasjonen og alle i familien min har blitt råka av Israel.
– For meg er meininga med livet å kjempe mot urett, uansett kva det kostar. Dersom vi stoppar og er redde, kven skal då snakke og kjempe for rettane våre?
Ein brutal studiekvardag
Mohammad fortel om ein tøff kvardag som student ved Birzeit-universitetet nord på Vestbreidda, som til saman har vore stengt i 50 månadar av det israelske militæret. Etter 7. oktober 2023 fortell også Hureini at valden har auka i omfang, noko rekordhøge tal frå analysebyrået Acled underbyggjer.
– Mellom Masafer Yatta og universitetet mitt er det ei reise som maksimalt burde ta ein time og tjue minutt. Eg har derimot på det verste brukt tolv timar på å kome meg heim på grunn av dei over 1000 kontrollpostane som Israel har innført på Vestbreidda. Dette for å kontrollere rørslene og fridomen til palestinarar.
– Det avheng av humøret til dei israelske soldatane om dei vil sleppe deg gjennom eller ikkje.
Hureini forklarar korleis Israel aktivt angrip palestinsk utdanning med vald og skuldingar om at studentar blir lært opp til terrorisme.
– Studentar har blitt drepne ved universitetet mitt, og det israelske militæret har fleire gonger invadert campus for å fengsle studentar. Dette er målretta angrep for å øydeleggje palestinsk utdanning, hevdar han.
Dette er målretta angrep for å øydeleggje palestinsk utdanning
– Romantiserer eit kolonialt regime
Han viser til kva ideologi staten Israel er bygd på for å forklare desse angrepa.
– Det er ikkje berre Netanyahu-regjeringa som er problemet. Det er ein stat som er bygd på ideologien sionisme, som brukar namnet til det jødiske folket og utnyttar det til å utføre umenneskelege handlingar mot menneskeslekta, slik vi ser i Gaza og på Vestbreidda.
Hureini rettar også skyts mot Vesten og USA, som han meiner er medskuldige i folkemord.
– Vestlege medium er medskuldige i folkemord og etnisk reinsing gjennom fleire tiår, og romantiserer eit kolonialt regime, hevdar han.
På Instagram postar han videoar av busetjarvald, for å dokumentere korleis hus og skular blir øydelagde med rå kraft.
– Det sterkaste våpenet mitt mot dette er kameraet mitt, som eg har brukt for å dokumentere og vise verda sanninga om kva som skjer i Palestina, avsluttar han.
Ein verdig vinnar
– Han viser eit enormt mot i kampen for menneskerettar, og er ein svært verdig vinnar av Studentanes fredspris, seier Henriette Reierson Johnstone, leiar for fredspriskomiteen og SAIH i ei pressemelding.
– Kvifor er det viktig med ein eigen fredspris for studentar?
– Når det gjeld å skape positiv endring i verda, er det svært ofte studentar som står fremst i kampane, særleg for retten til utdanning. Mange av desse får ikkje mykje merksemd for sitt arbeid og difor handlar Studentanes fredspris om å gje anerkjenning til studentar som står fremst i arbeidet for fred, seier Julie Rose Godal, leiar for Studentanes fredspris.
Universitas har fremma kritikken for den israelske ambassaden, men svarte ikkje før avisa gikk i trykken.