Cop 31
Krev norsk vegkart bort frå fossil energi
I forkant av årets klimatoppmøte slo FN fast at vi ikkje når 1,5-gradersmålet. Norske studentdelegatar krev no handling frå regjeringa.
– Ei verd avhengig av fossil energi er ei farleg verd, seier Sosen Nazim Jamil (25), sosiologistudent ved Universitetet i Oslo (UiO) og delegat på årets klimatoppmøte på vegne av miljøorganisasjonen Spire.
Ho er klokkeklar på korleis klimakrisa er ei av dei største tryggleikstruslane i verda, og at avhengigheit av fossil energi gjer oss svært sårbare.
– Dette har vi sett gjennom den geopolitiske energikrisa som har følgd stenginga av Hormuzstredet, som har fått store konsekvensar for mellom anna mattryggleiken i det globale sør. Dei som blir hardast ramma er ofte dei som har minst historisk ansvar for klimakrisa, understrekar ho.
Klimatoppmøtet (Cop 31) er FN sitt årlege møte for landa som er forplikta til klimahandling gjennom FN sin klimakonvensjon, og finn i år stad i Antalya i Tyrkia frå 9-20. november.
Skuffa over Noreg
Sentralt for årets møte er at FN i september erklærte i ein rapport at 1,5-gradersmålet er overskride, og ikkje mogleg å nå. Akkurat det meiner Jamil påverkar forhandlingane.
– Dette er den første Cop-en etter FN-rapporten som slår fast at vi ikkje når 1,5-gradersmålet. Rapporten er veldig tydeleg, og eg opplever at det er eit mykje større hastverk no enn før, der fleire statar pressar meir på no enn tidlegare.
Ho forklarar at mange høgambisjonsland, mellom anna fleire øystatar og nabolanda våre Danmark, Finland og Island, snakkar mykje om korleis denne overskridinga må følgast opp med handling på heimebane.
– Dessverre er ikkje Noreg blant dei landa som leier an.
Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa over Noregs innsats internasjonalt.
– Noreg har støtta vegkartet for fossil utfasing, men vi ser ikkje at dette blir følgt opp med handling på heimebane. Det er stor avstand mellom norsk retorikk internasjonalt og ønsket om ny oljeutvinning i Noreg, slår ho fast.
Vegkart for utfasing
Dette vegkartet for fossil utfasing, som blei initiert under fjorårets toppmøte i Brasil og lansert i år av Brasil rett før toppmøtet starta, er sentralt for Spire under Cop 31.
– Det handlar ikkje lenger om vi skal omstille oss bort frå fossilt, men om korleis det skal skje. Vegkartet handlar nettopp om dette, forklarar Jamil.
Ho ønskjer at dette skal bli forpliktande for alle land gjennom klimamåla deira, og at dette også skal påverke produksjonen av fossile brensel.
Ei verd avhengig av fossil energi er ei farleg verd
– Vi krev at Noreg leverer eit nasjonalt vegkart for omstilling bort frå fossil energi. Då er det tydeleg at produksjonssida må vere ein viktig del av dette, avsluttar ho.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner derimot at Noreg allereie har eit tilstrekkeleg vegkart.
– Vi har eit veikart for å nå våre klimamål, som er ein kombinasjon av at vi får ned utsleppa, går over til fornybar og utviklar ny teknologi, sa han til TV2 førre veke.
Klimafinansiering til omstilling
Eit anna sentralt tema under toppmøtet er klimafinansiering til land hardt ramma av klimakrisa.
– I fjor, under Cop 30 i Brasil, blei det vedteke å tredoble finansieringa til klimatilpassing. No skal det følgast opp, seier Synne Eide Frøiland (23).
Ho studerer samfunnsgeografi ved UiO, og er Cop-delegat og andre nestleiar i solidaritetsorganisasjonen Changemaker.
– Klimafinansiering er utruleg viktig og handlar om støtte til klimatilpassing, tap og skade, og utfasing av fossil energi.
Ho peiker på at Noreg bør bidra med mykje meir enn i dag, og viser til Fair Share-rapporten, som har rekna ut Noregs rettferdige del av klimafinansieringa, basert på det historiske ansvaret til Noreg.
– Rapporten viser at Noregs del bør vere nærare 100 milliardar kroner i året. I år har regjeringa sett eit mål om å nå 30 milliardar kroner innan 2035, noko vi reagerer på sidan vi allereie i fjor nådde det same. Vi meiner det er uambisiøst og ansvarslaust å ikkje setje seg eit høgare mål, når mange land treng pengar for å overleve og tilpasse seg ei varmare verd.
– Noreg har både kapasitet og pengar til å gjere meir, understrekar Eide Frøiland.
Finst det håp?
– Ser du håp og meining i desse møta?
– Ja, absolutt. Forskinga viser at Parisavtalen har hatt effekt, og at vi er langt lågare i dei venta temperaturstigingane no enn vi var før avtalen, svarar ho.
Ho meiner ikkje det betyr at vi kan slå oss til ro, men at det viser at internasjonalt samarbeid har noko å seie. Ho er også tydeleg på den viktigaste oppgåva deira som norske delegatar.
– Vi skal halde den norske regjeringa ansvarleg og sørgje for at dei følger opp det dei har sagt her på klimatoppmøtet, avsluttar Eide Frøiland.