
Ein grøn velkomst
Når nye studentar vert ønska velkommen til Universitetet i Oslo i haust, møter dei miljøfokus, i alle tydingar av ordet.

FADDERORDNING: – Kvart fadderordningsutval vel eit tema for fadderordninga. Vi har vald miljø, både i forstand av studentmiljø og miljøvennleg, seier Anne Raaum Christensen.
Ho er ein av tre studentar tilsett i årets utval, og har særskild ansvar for den miljøvennlege biten av satsinga.
– Målet er å syne at eit så stort prosjekt kan gjennomførast på ein mest mogleg miljøvennleg måte. Det vil seie at plakatar og flygeblad skal vere trykt på miljøvennleg papir, at fadderskjortene skal vere i økologisk bomull, at faddergoda skal vere miljøvennleg framstilt og at samarbeidspartnarane vi har vald skal ha fokus på miljø. Som ein stor distributør av materiale, er det viktig for oss å ha vårt på det reine, forklarar ho.
Ikkje moraliserande
Dei nye samarbeidspartnarane fadderordningsutvalet har knytt til seg er Grønn Hverdag og Klimaløftet. Dei skal hjelpe til med å få ei grøn gjennomføring av fadderveka.
– Det har vore konsekvent frå vår side å velje samarbeidspartnarar utan partipolitiske interesser, seier Christensen.
For til trass for at fadderordninga er vorten grøn, er ho oppteken av å understreke at den ikkje er moraliserande av den grunn.
– Vi er politisk uavhengige, og har ikkje ein slik agenda med satsinga. Vi vil berre at det skal vere ein grøn tanke, i tillegg til alt det andre fadderveka er av fest, moro og sosiale hendingar, forklarar ho.
Nye aktivitetar
I takt med miljøsatsinga vil fadderveka i år og ha nokre nye aktivitetar for faddergruppene. I tillegg til idrettsdagen kjem det ein turdag i marka, og ein dag med byttemarknad på universitetet. Då kan alle som har noko dei ikkje nyttar lenger, det vere seg alt frå bøker til kle til idrettsutstyr, ta det med og bytte det mot noko ein annan student har tatt med.
– Her håpar vi at mange av studentforeningane vert med, og at vi kan få til eit stort gjenbruksprosjekt. Det er så mange som har ting dei ikkje nyttar lenger, men som kan kome andre til gode, seier Christensen.
Studentmiljø i fokus
Og om det var nokon som lurte; studentmiljøet skal ikkje drukne i all den miljøvennlege satsinga. Det er framleis det som står i fokus.
– Vi har hatt ein tanke om at vi skal gjere dette mest mogleg miljøvennleg, men det viktigaste arbeidet til utvalet er sjølvsagt at vi skal prøve å skaffe alle dei nye studentane ein fadder frå eige studium, seier Christensen.
Om miljøsatsinga frå i år held fram til neste år er heilt opp til det neste fadderordningsutvalet. Men årets miljøansvarleg håpar sjølvsagt at dei kan skape presedens.
– Om vi kan syne til ei suksessfull miljøvennleg gjennomføring av årets fadderordning, håpar vi at det vert eit naturleg alternativ for dei som tek over etter oss og, smiler Christensen.