

Kor kjærleiken ventar
Tenk deg at kjærleiken fins i eit framandt og kaldt land i nord.


TEATER: To etasjar under jorda i ein prøvesal på Det Norske Teater smyg argentinske Veronica Salinas seg fram på den provisoriske scena. Med raud kjole, rose i håret og høge trehelar dansar og syng ho seg framover med lidenskapelige rørsler.
– Eg trudde aldri eg skulle gifte meg, seier ho, og fortel historia om vegen frå Buenos Aires, til au-pair i Noreg, til møtet med den store kjærleiken i Oslo. Rundt ho sit fem andre kvinner frå heile verda som og har funne kjærleiken i Noreg. Fem andre som kan nikke samtykkande når ho fortel om å ha det fantastisk i Noreg og samtidig sakne heimlandet. Ho avsluttar med ein svung på kroppen og eit spark bak med beinet. Instruktør Cliff Moustache sprett i været, klappar og ropar:
– Kjempebra!
Eit stort steg
Tyrkiske Dilek Carelius, som og er med i stykket, og Veronica deler ei flaske jus på Kaffistova etter prøven. Om ei veke er det nypremiere på «Til Noreg der kjærleiken ventar», kor kvinnene får fortelje si eiga historie om korleis dei fann kjærleiken i Noreg. Stykket var først sett opp i juni i fjor på Amatørteaterfestivalen, og vart ein slik suksess at det no skal spelast ti gongar til.
– For oss er det eit stort steg å kunne spele teater på norsk, fortel Veronica.
Ho arbeidde som skodespelar i Buenos Aires før økonomiske nedgangstider førte ho til Noreg. Då ho først kom hit, trudde ho aldri ho skulle spele teater att. No er ho i full gong med fleire stykke. Alle på norsk. I tillegg studerar ho spansk og portugisisk litteratur ved Universitetet i Oslo.
Teater som integrasjon
– Eg trur det at vi kan drive med teater på norsk gjer oss meir integrerte. Vi kan syne at vi er ressurssterke og har noko å tilføre, seier Dilek, som studerar teatervitskap.
Veronica nikkar samtykkande og tilføyer:
– Vi får høve til å seie noko om kva det er å vere innvandrar, og om kvifor vi er her.
For det er det som bind desse kvinnene saman. Det at dei har så ulike historiar, men så mange like erfaringar av å skulle skape seg eit nytt liv i Noreg. Alle historiane dei fortel i stykket er deira eigne, og resultatet vert «Community theatre» – teater kor manuset vert skapt av alle som deltek i prosjektet. Det er sterke historiar om dei mange kneikane ein skal over for å kunne bu i eit nytt land. Om dei mange tårene som skal grinast.
– Ei veke etter at eg var komme hit ringte eg mamma, og sa eg ville komme heim att. Men ho sa eg måtte vere i Noreg kor eg var trygg. Eg kjende at eg mista alt; språk, koder, humør og kultur. No har eg endeleg greidd å komme over all frustrasjonen, og vere lukkeleg, fortel Veronica.
Dilek peikar på framsida av Morgonbladet kor Thomas Hylland Eriksen seier at det er mykje lukke i å ha det vanskeleg. Begge kvinnene ler.
– Det er jo akkurat slik det er.
Det spanande sosialdemokratiet
Dilek har ei anna historie å fortelje. Ho kom til Noreg frå Istanbul for å studere i 1986. 22 år og mange studiepoeng etter er ho framleis student, og framleis i Noreg. Vegen fram har vore lang. Etter at ho trefte kjærleiken i Noreg, var det ikkje lett å reise attende. Etter å ha flytta fram og attende mellom Oslo og Istanbul med mannen i mange år, fann ho ut at det var i Noreg ho ville bu. Sjølv om det ikkje alltid er like lett. Når ho er her, saknar ho kaoset og alle lydane i Tyrkia, når ho er der, saknar ho roa Oslo gjev ho.
– Noreg verka som ein plass kor eg kunne utvide horisonten min. På 80-talet stod kommunismen og kapitalismen steilt mot kvarandre, og eg ville gjerne sjå denne tredje vegen, sosialdemokratiet, som dei hadde fått til i Noreg, fortel ho.
Annleis studieliv
– For meg er Blindern som eit lite paradis, fortel Veronica med eit stort smil.
- I Argentina måtte ein nærast slåst seg inn på kvar forelesing for det ikkje var plass til alle. Universitetet i Oslo kan verke som den rake motsetninga. Veronica Salinas, student og skuespiller
– I Argentina måtte ein nærast slåst seg inn på kvar forelesing for det ikkje var plass til alle. Universitetet i Oslo kan verke som den rake motsetninga.
– Det er nærast så eg kan sakne litt blod og action. Folk her er så forsiktige på forelesing. I Argentina vart vi oppfordra til heile tida å diskutere, seier Veronica, medan ho viftar med armane. Ho er ikkje redd for å skape liv.
Dilek skular bort på ho og ler.
– Du har ei så fantastisk haldning, Veronica. Du lever som om det var Argentina i Noreg, smiler ho.