EKSPERIMENTET: Prosjektrommet i Malmøgata skal vise nye studentutstillinger annenhver uke. Her er Andreas Skjeldes «Orbital Eccentricity».

Etterlengta galleri

Studentane på Kunstakademiet har tatt grep om kvardagen. Når den nye Seilduken ikkje egner seg til utdanninga deira, har dei like godt bygd eigne lokale.

Publisert Sist oppdatert

Nye Seilduken

Etter 14 års planlegging vart kunstutdanningane knytt til Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) i fjor samla på Seilduksfabrikken på Grünerløkka.

Med sine 40 000 kvadratmeter er Seilduken eit av dei største anlegga for kunst og design i Nord-Europa.

Kunstakademiet er ein del av Fakultet for visuell kunst, og utdannar studentar innan billedkunst.

Malmøgata Fine Arts Project Space (MFAPS)

Midlertidig visningsrom og prosjektrom dreve av studentar ved Kunstakademiet.

500 m2 i eit tidlegare varehus i tredje etasje i Malmøgata 5, Grünerløkka.

Starta som ein reaksjon på dårlege arbeidsforhold på den nye Kunsthøgskolen på seilduksfabrikken på Grünerløkka.

Vil opne ny studentutstilling torsdag kl 18 annakvar veke.

Åpent på dagtid kl 12–16.

Eit gammalt varehus i Malmøgata 5. Faklar utanfor dørene, opp ei trapp, inn i kunst. Teikningar, skulpturar, foto og lyd på alle kantar, frå installasjonar og pratande menneske som vandrar rundt med ein drink i handa og breie smil om munnen. Dei har fått til noko nå, Kunstakademistudentane.

Klagane har vore høglydte etter at Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) vart flytta til Seilduken på Grünerløkka i haust. Restaurering og nybygg av den nye skulen har ein prislapp på kring 800 millionar kroner. Likevel fortel Kunstakademistudentane om atelier forma som små boksar med dårleg lys og støy frå ventileringsanlegg. Mangel på gode prosjektrom og visningsrom. Restriksjonar på arbeidstid.

– I dag føler mange at Kunstakademiet er ansiktslaust innanfor KHiO. No prøver vi å bygge opp noko nytt framfor å berre kritisere, seier Eirik Senje.

Han er masterstudent på Kunstakademiet og hjernen bak det nye visningsrommet: Malmøgata Fine Arts Project Space (MFAPS).

Vil ikkje vere låst til skulen

Då Kunstakademiet låg i St. Olavs gate hadde dei visningsrom på Vestbanehallen. Desse vart lagt ned då skulen flytta til Seilduken, og no skal det byggest Nasjonalgalleri på tomta. Studentane er ikkje nøgde med å vere så låst til skulen, ifølgje Senje.

Eit par steinkast unna Seilduken, rett ved Sjokoladefabrikken på Grünerløkka, fant studentane eit egna lokale. Så gjekk dei fysisk til verks. Kring ein firedel av studentane på Kunstakademiet har rydda, bygga vegger og omgjort ein nedslite skraphaug til to visningsrom og eit prosjektrom på få veker. Fredag 28. februar opna MFAPS med 46 elevarbeide utstilt.

– Her får vi meir kontakt med publikum og betre arbeidsforhold. Me ønskjer å vere så tilgjengelege som mogleg og synlege i bybiletet. Ein skal ikkje måtte leite med nøkkelkort etter kunsten vår, seier Senje.

Institusjonskritikk

KRITISERER: Siri Leira og Malie Robb bruker MFAPS som institusjonskritikk med positiv hensikt.

Ved vareheisen på MFAPS stiller Malie Robb og Siri Leira ut ein videoinstallasjon. «This is How We Roll» heiter verket, som dokumenterer Kunstakademistudentane medan dei rullar rundt i restematerial frå bygginga av Seilduken.

«MFAPS har blitt ein bra plass, sjølv om det er vannlekkasjer her og det ikkje akkurat er topp moderne.»

Siri Leira, kunststudent

– MFAPS har blitt ein bra plass, sjølv om det er vannlekkasjer her og det ikkje akkurat er topp moderne, seier Leira.

Då det ikkje fantest egna visningsrom på KHiO, starta dei Semikolon Galleri saman med medstudent Karin Erixon under ei trapp på skulen i haust.

– Det byrja som ein spøk fordi me har ein kunsthøgskule som ikkje fungerer til formålet, men no driver vi seriøst. Semikolon er i likhet med MFAPS ein institusjonskritikk med positivt hensikt, gjennom handling. Ein stor del av utdanninga vår handlar jo om å håndtere utstillingssituasjonar i praksis, seier Robb.

Ragnhild Aamås, leiar av Kunstakademiets opne foredragsserie Åpent Forum, stiller og ut i MFAPS. Ho opplever at Kunstakademistudentane i stadig større grad no går ut or skulen for å arbeide og vise seg fram.

– Me lærer å handtere større og andre typer prosjekt. Samstundes vert studentane spreidd utover, og samtalen med medstudentar, som er ein vesentleg del av danninga ved Kunstakademiet, forsvinn frå undervisningslokala, seier Aamås.

Berre midlertidig

Professor i malerkunst Dag Erik Elgin roser studentane for innsatsen med lokala, og Eirik Senjes «institusjonelle realkompetanse».

– Leiinga har vist forståing for prosjektet og finansiert lokale og byggemateriale. Det blir spanande å sjå kva slags tilbakemelding me får, seier Senje sjølv.

KHiO betaler for galleriet i Malmøgata 5 til og med juni. Etter planen skal eit garasjelokale på Seilduken stå klar til bruk for kunstakademistudentane før den tid. Men framtida er usikker.

– Så vidt eg veit er det ikkje sikkert at dei lokala blir ferdige i tide. Det er vanskeleg å forholda seg til. Me ønskjer å få MFAPS til å fungere best mogleg. Eg trur det blir eit bra prosjekt som det ville vere synd å miste, seier Senje.

Powered by Labrador CMS