STASKAR: Rektor Geir Ellingsrud ventar spent på at internasjonale eminensar skal vitje universitetet hans. -- Det verka som den irske presidenten var svært oppteken av det vi forskar på, og verkeleg snakka frå hjartet da ho held tale, sa han opprømd ett

Instituttet med det rare i

Det var ein gong eit universitet som var så vrient og vrangt i ord, at det til og med dreiv forsking på irsk og keltisk. Dette ville Kongen, Dronninga og den irske presidenten høyre meir om.

Publisert Sist oppdatert
SNIPP, SNAPP, SNUTEN: Eit talrikt og taktfast politikorps var på plass både før, under og etter seansen. Ingen uroingsmoment dukka opp.
I BYRJINGA: -- Det er freistande å seia at alt starta her. Men det gjorde det sjølvsagt ikkje, vedgjekk professor i keltisk, Jan Erik Rekdal, framfor to statsoverhovud. Likevel kunne han stolt fortelja at nordmannen, Carl Johan Sverdrup Marstrander drog t
HELSINGSTALE: -- For oss er dette eit lite Amerika, sa den irske presidenten da ho helsa studentar og forskarar på irsk og keltisk ved Universitetet i Oslo.

Og slik gjekk det til at det ganske humanistiske fakultetet var pynta til høgtid onsdag 15. oktober. I høve irsk statsbesøk var den raude løparen henta fram, kanapeane påsmurde og vakthaldet pinleg innskjerpa. I ein tilmåla halvtime vart ein mindre kjent del av kongeriket Noreg gjort til internasjonal sensasjon, forsking på irsk språk og kultur.

Universitetet i Oslo (UiO) har berre ein professor i keltisk, men leiaren ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar, Hanne Gram Simonsen, meiner likevel irsk og keltisk er viktige fagområde å profilere.

– Norske forskarar reiste til Irland for å finne vikingrøter, og så oppdaga dei ein heilt levande kultur. Irland har unike tradisjonar på mellomalderkultur, og koplinga mellom keltisk og norrønt er spesiell for vårt fagområde, fortel ho.

Ingvild Schmedling, student på første semester, meiner irsk og keltisk eigentleg er eit veldig stort fagområde, men at det ikkje finst nok ressursar til å gjera det større. Ho hadde klare planar for studievalet sitt.

– Eg begynte på faget fordi eg interesserer meg for mellomalderlitteratur, seier ho.

Hausten 2008 begynte 26 studentar på irsk ved UiO.

Powered by Labrador CMS