STORNØGD: Studiedirektør ved Universitetet i Oslo (UiO) Monica Bakken eig ein av dei 1 650 iPhonane som har lasta ned UiO sin nye applikasjon.

Kjapp med iPhone-app

Universitetet i Oslo vil ligge i forkant av trendane i kampen om nye studentar. No kan du laste ned studiehandboka på din eigen iPhone.

Publisert Sist oppdatert
STORNØGD: Studiedirektør ved Universitetet i Oslo (UiO) Monica Bakken eig ein av dei 1 650 iPhonane som har lasta ned UiO sin nye applikasjon.
STORNØGD: Studiedirektør ved Universitetet i Oslo (UiO) Monica Bakken eig ein av dei 1 650 iPhonane som har lasta ned UiO sin nye applikasjon.
STORNØGD: Studiedirektør ved Universitetet i Oslo (UiO) Monica Bakken eig ein av dei 1 650 iPhonane som har lasta ned UiO sin nye applikasjon.

*iPhone-applikasjonar:*

  • Det finnes tusenvis av programvarefiler som kan lastast ned til smarttelefonen iPhone. Desse går under namnet iPhone-applikasjonar.
  • Ein applikasjon kan vere alt frå eit spel og språkkurs, til handbøker og virtuelle musikkinstrument.
  • Universitetet i Oslos programvare, som er utvikla av firmaet Apps, kan lastast ned gratis via appstore.com.

– Me ligg i forkant av ei bølgje som er på veg. Det er morosamt at me er det fyrste universitetet med ein slik applikasjon. Når bølgja kjem, så er vi der allereie, seier Ingrid Stensland.

Stensland er leiar for kampanjegruppa som skal rekruttere nye studentar til Universitetet i Oslo (UiO). Ho er òg ansvarleg for UiOs nye program til iPhone som gjer at folk no kan få tilsendt universitetets studiehandbok rett i bukselomma.

Nye kanalar

Applikasjonen, som har kosta 230 000 kroner å utvikle gjennom eit eksternt reklamefirma, er eit ledd i universitetets satsing for å gå nye vegar i rekrutteringa av nye studentar. Det er ein hard kamp som vert kjempa for å få studentar si merksemd. T-banereklamer frå BI, mengder av Spotify-reklamer og nettbaserte dataspel frå NTNU, er nokre av eksempla på bruk av moderne kommunikasjon som UiO må kjempe mot.

– Me kan verta endå flinkare til å bruke nye kanalar for marknadsføring. Dette er eit lite eksperiment i den retninga, og me har lyst til å utvikle applikasjonen vidare til neste år, seier Stensland.

Held på tradisjonane

Også studiedirektør ved UiO Monica Bakken er begeistra for applikasjonen, som ho sjølv har lasta ned til sin iPhone.

– Applikasjonen har vore populær, og me har fått mange oppmuntrande tilbakemeldingar frå personar som har testa tilbodet. Dette er ein måte å nå yngre potensielle kandidatar til høgre utdanning på. Me må tenkje nytt og nå dei i kanaler der dei finnes, seier Bakken.

Ho legg likevel vekt på at dei meir tradisjonelle rekruteringsformene fortsatt er viktig.

– Me skal fortsette med å vitje messer, ha open dag og produsere studiekatalog. På sikt kan ein slik applikasjon føre til mindre produksjon av studiekatalogar, men vår erfaring tilseier at desse katalogane framleis er veldig viktige når folk skal avgjere kva dei skal studere, seier studiedirektøren.

Viser utvekslingsmulegheiter

Før den opphavlegesøknadsfristen til Samordna opptak gjekk ut 15. april, hadde applikasjonen blitt lasta ned 1 650 gonger frå Appstore. Ifølgje Stensland hev applikasjonen fått gode karakterar blant iPhone-brukarane sine eigne rangeringar.

– Det er eit langsiktig mål å vere på banen med nye medier.

Ingrid Stensland, rekrutterar ved Universitetet i Oslo

– Me hadde ingen måltal på førehand, og me veit lite om kor mange i målgruppa som har lasta ned applikasjonen. Dette er eit eksperiment på eit langsiktig mål om å vere på banen med nye medier.

Powered by Labrador CMS