
Togsex til topps
Sex på julebord, på biljardbord, med eksamensvakta og i jolekrybba. – Eg vart tent! seier Jon Michelet.
Dei innsendte bidraga i årets erotiske novellekonkurranse var mange, og ulike. Dei seksuelle preferansane kom på løpande band: Sex på biljardbordet, sex på julebordet, sex på toget og sex med eksamensvakta.
Juryen i konkurransen er derimot einstemmig på kva novelle som skulle gå heilt til topps: Togsex er eit sikkert val, og svært så pirrande.
– Tog-novella fekk eg tenning av. Eg blei ikkje sprengkåt, men tenning fekk eg, seier Jon Michelet om vinnarnovella, og legg til:
– Den minner også om episodar ein sjølv har vore med på på tog. Eg gjorde eit iherdig forsøk på Bergensbanen ein gong, utan hell. Eg gjorde så godt eg kunne, men eg kom ikkje heilt i mål. Ho var villig til mye, men ikkje til å bli med på toalettet. Der gjekk grensa.
– Eg har ombestemt meg
På ein kafé på Majorstua sitt Siss Vik, litteraturviter og programleiar i «Bokprogrammet», Morten Ramm, humorist og nydebutert erotisk novelle-skribent i «Natt og dag», forfattar Jon Michelet, og psykolog og sexspaltist Kristin Spitznogle og blar i bidraga til årets erotikkforfattarar.
– Eg har ombestemt meg. Eg sa at eg såg etter humor i ei erotisk novelle, men eg har gått heilt i motsatt retning. Eg såg kor folk hadde prøvd å vera morsomme, men eg syns det blei for mye blanding. Det å prøva å vera litt tullete og ha alvor samtidig, det funka ikkje, seier Morten Ramm om dei innsendte bidraga.
Juryen kom fort til ei beslutning, der alle var einige om at novella «Snøfall» var den beste erotiske novella som vart sendt inn i år.
– Skribenten gjer fleire velfungerande grep, i det me blir tatt med på det som både er ei togreise og ei eksistensiell reise i karakterens liv. Ho formidlar så godt dei følelsesmessige stemningane som pregar karakteren ved reisa sin start, noe ho då også forsterkar ved å visa til diktet «Nirvana». Her skårar ho eit par gratispoeng hjå meg, då eg er personlig fan av Bukowski, seier Kristin Spitznogle
– Er det skrive av ein litteraturstudent, kanskje? Spør ho.
«Stranger on a train»
Siss Vik er også imponert over vinnarnovella.
– Eg likte at guten som satt ved sida av hovudpersonen på toget berre heitte «9c». Det gjorde at «stranger on a train»-følelsen vart forsterka, seier ho, og dei andre jurymedlemma nikkar.
– Ja, ein Trond Hansen hadde ikkje vore like pirrande, seier Morten Ramm.
Siss Vik meiner at nokon av novelleskribentane gjekk i fella med å beskriva for mykje av hovedpersonen sine seksuelle preferansar.
– Nokon av forfattarane var veldig opptatt av seg sjølv, sier Siss Vik, og les opp frå novella «Det perfekte julebordet».
Øynene hans eksploderer og han kysser meg svakt på de fyldige leppene mine, før vi begge utbryter i en intens kysseduell. Han ser flørtende på meg og hvisker meg i øret; «jeg viste ikke at en trønder fra høyskolen kunne kysse». Jeg svarer med økende latter og sier; «Kjære akademiske Blindernstudent, bli med mæ ned i garderoben, så ska æ vis dæ ka ækte kyssing e»
– Det er veldig mykje om hovudpersonen sin kropp, og veldig lite om mannen sin kropp. Det var veldig rart. Viss ho er så fornøgd med seg sjølv, kvifor kan ho ikkje berre bli heime og kna på seg sjølv? fortsett Vik og ler.
Hårfine linjer
– Viss forfattaren av «Snøfall» er ein mann, då blir eg skuffa. Då blir eg lurt, seier Jon Michelet plutseleg, til latter frå resten av juryen.
Morten Ramm meiner at det er ei hårfin linje mellom å vera harry og innanfor.
– Det å bruka ordet «fitte» kan ein gjera i ei god forteljing, som den togforteljinga var. Men viss ein brukar ordet «fitte» og andre sånne harde ord i ei tullenovelle, då går ein over i megaharryland, seier han.
– For meg så er ikkje ordet «analåpningen» eit godt ord å bruka, seier Siss Vik, og legg til:
– Den novella som føregjekk på teologieksamen kalte til dømes snabben for «slangen». Men så skjønte eg at all metaforikken var frå Bibelen. Det var eit morsomt forsøk, men det blei for mykje epler og slangar.
– Ja det var så mykje epler. Det var hans eple og hennar eple – det var epler i alle vendingar. Overdose av epler, seier Morten Ramm.
Opplysningskontoret for frukt!
Siss Vik
– Opplysningskontoret for frukt! legg Siss Vik til og ler.
– Til slutt så var det så mye eplemetaforar at eg faktisk byrja å få lyst på eple, seier Ramm.
– Du merkar når det skjer
– Då eg var student sjølv hadde eg ei biinntekt der eg skreiv erotiske noveller for blant anna Cupido, så eg fekk litt flashbacks då eg las desse novellene, fortel Kristin Spitznogle.
Morten Ramm var glad for at juryen var einstemmig, og at han også var einig med dei andre.
– Eg følte at ekspertisen satt rundt meg, både på noveller og erotikk. Så det var deilig at det var så tydelig. Såpass skjønner eg jo, sier han.
– Ja, du merkar når det skjer, seier Siss Vik lurt, og legg til:
– Erotiske noveller er fortsatt litteratur. Den som kan skriva best er den som vinn konkurransen. Mange har gode idéar, men når dei ikkje klarar å uttrykka det i tekst, så funkar det ikkje. Ein må tru på det. Men det var kort frist, og midt i eksamenstida. Det er bra jobba av dei som har sendt inn bidrag.
– Når ho som har skrive «Snøfall» stryk på eksamen så kan ho i alle fall trøsta seg med at ho kom til topps i denne erotiske novellekonkurransen, seier Morten Ramm.