
Trugar hytteturen
Velferdstingets kulturstyre har rydda i eigne retningslinjer. No kan det bli vanskelegare for di studentforeining å få økonomisk stønad.
– Målet med endringane er å gjera det enklare for søkjarane å forstå kva ein kan og ikkje kan få pengar til, seier Karl Kristian Rådahl Kirchhoff, leiar i Kulturstyret.
Årleg deler Kulturstyret ut 3,5 millionar kroner til ulike studentforeningar og aktivitetar tilknytt Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), på vegne av Velferdstinget (VT). På VT-møtet førre måndag vart det vedteke innstrammingar i tildelingskriteria for desse midlane.
Vanskelegare for dei rike
Kirchhoff trekkjer fram to punkt som vil ha innverknad på søknadsprosessen, og som kan føra til at foreiningar som tidlegare har fått innvilga stønad, ikkje vil få det lenger.
– For det første innfører me eit nytt dokumentkrav, som tilseier at foreiningar som har mykje eigenkapital og likevel søkjer stønad må sannsynleggjera at dei har behov for desse pengane, fortel Kirchhoff.
For det andre vil det verta vanskelegare for fag- og programutval ved utdanningsinstitusjonane å få pengar frå Kulturstyret.
– Fag- og programutval kan ikkje lenger søkja oss om driftsstønad. Me vil heller ikkje dela ut midlar til aktivitetar fagutval er forventa å driva med, slik som fagkritisk dag, hytteturar og studieturar. Dette er institutta lovpålagt å gje foreiningane stønad til, seier Kirchhoff.
I grunngjevinga for endringane heiter det at mange fagutval ikkje veit om at dei har krav på stønad frå instituttet dei er underlagd, og difor ikkje bed om pengar der. Det bør dei imidlertid byrja med. Universitetet i Oslo (UiO) set til dømes årleg av rundt 140 kroner per student til sosial-faglege midlar.
Fleire foreiningar?
I dei nye kriteria vert det òg stilt krav om at arrangementa det vert søkt om stønad til «klart og betydningsfullt styrker studentenes sosiale og kulturelle tilbud».
Arrangementa må omfatta fleire enn fagutvalet og venene deira
Karl Kristian Rådahl Kirchhoff, leiar i Kulturstyret
– Arrangementa må omfatta fleire enn fagutvalet og venene deira, som til dømes festar for alle på fakultetet eller i miljøet, seier Kirchhoff.
Han trur endringane i tildelingskriteria òg kan bidra til ei oppblomstring av nye studentforeiningar.
– Ei løysing kan vera at ein opprettar eigne foreiningar for dei sosiale arrangementa, som så kan søkja stønad frå oss, forklårer han.
Får konsekvensar
Eirik Jørgensen, leiar i programutvalet for Kultur og kommunikasjon (Kulkom) ved UiO, er ikkje kjend med enringane då Universitas tek kontakt – men fortel at dei vil få konsekvensar for utvalet.
– Me får maks utteljing på søknadene til instituttet, men stønaden der er ikkje tilstrekkeleg med vårt aktivitetsnivå, seier han.
Jørgensen fortel at programutvalet tidlegare har vurdert å oppretta ei eiga foreining for dei sosiale arrangementa, men har konkludert med at det er lite siktemålsteneleg på eit lite studieprogram som Kulkom.
– Kulkom har eit av dei beste studiemiljøa på UiO, og det er veldig uheldig om ei aktiv studentforeining ikkje lenger kan få stønad til arrangementa sine. Det vert problematisk å krevja høgare eigenbetaling frå studentane.