Serieanmeldelse

Eit system som ikkje strekk til

NRK-serien LIS er eit nådelaust portrett av eit helsevesen som ikkje strekk til, og av unge legar som sit igjen med ansvaret.

Publisert

LIS

Serieskaper: Karianne Lund

Hva: Norsk dramaserie

Hvor: NRK

Når: Premiere 11. april

«Han er ikkje sjuk nok». Setninga kjem tidleg, om ein rusa pasient som ikkje får hjelp. Brutalt, ja, men også presist. For kven er eigentleg «sjuk nok» når kapasiteten er sprengt?

Som student kjennest NRKs nye dramaserie LIS mindre som ein serie, og meir som ei framtid eg ikkje er sikker på om eg ønskjer. Hovedpersonen Petra, ein usikker lege i spesialisering, speglar ei kjensle mange studentar kjenner. Å stå i noko ein ikkje heilt meistrar, og likevel få høyre at det går bra, ikkje fordi ein trur på det, men fordi ein må.

Ideal møter realitet

Sentralt for handlingen i serien slit Petra med å sende pasientar heim. Ho veit dei treng hjelp, men det finst ikkje plass. «Det har vi ikkje tid til» går igjen, eit fast svar i eit system der effektivitet trumfer omsorg.

Eldre blir nedprioriterte. Ein psykolog er berre tilgjengeleg 20 prosent. Det er ikkje enkelthistorier, det er systemsvikt.

Kor mange gongar kan ein sende nokon heim før det sluttar å kjennast feil?

Samtidig forventast det at dei unge legane skal ta ansvar for alt. «Vi er profesjonelle, ikkje bli for involvert». Men LIS viser kor umogleg det eigentleg er.

Snus, stress og samvit

Ein lege bytter snus midt i ein operasjon. Det er litt komisk, men først og fremst eit teikn på belastninga. Litt som under eksamen, berre med liv som innsats.

For Petra stoppar det ikkje når vakta er over. Tankane følgjer med heim, og grensene viskast ut. Det er lett å kjenne seg att i periodar der alt anna må vike.

Eit system i kutt

LIS er nådelaus i skildringa av helsevesenet. Kutt i bemanning, færre vakthavande og eit konstant krav om effektivisering. Når ein går frå to til ein på vakt, seier det seg sjølv: presset aukar, feila kjem nærare.

Når ein karakter seier at vi ikkje kan forvente helsehjelp i verdsklasse, peikar det på ein realitet som også tidlegare helseminister Bent Høie har vore inne på. Noreg kan ikkje vere best på alt. Vi har avgrensa ressursar og må prioritere.

Problemet LIS viser, er kva desse prioriteringane faktisk betyr i praksis. Kven blir sendt heim? Kven får høyre at dei ikkje er dårlege nok?

Treff og litt bom

Serien stolar ikkje alltid på publikum. Nokre karakterar blir meir symbol enn verkelege menneske, og enkelte poeng blir så tydeleg hamra inn at dei mistar kraft.

Særleg dei romantiske relasjonane fell litt flatt. Der serien elles prøver å vere realistisk og ubehageleg nær, blir desse delane fort meir forutsigbare og klisjèfylte. Det bryt med resten av tonen, og gjer at noko av truverdet forsvinn.

Introen er derimot heilt i særklasse. Den kornete, filmatiske estetikken og presise bruken av musikk set ei stemning resten av serien ikkje alltid klarer å leve opp til. Eg hoppar vanlegvis over introar, her gjorde eg det aldri.

For medisinstudentar må det kjennest nesten ubehageleg gjenkjenneleg: ei konstant kjensle av å ligge etter, av at det alltid er meir å lære og at tempoet aldri stoppar.

Sjå den før du står i det

LIS er frustrerande, stressande og ubehageleg, og nettopp derfor viktig. For studentar, spesielt innan helse, kan det kjennest nesten som eit forsvarsel av arbeidslivet.

Og for oss andre? Ei påminning om kva som faktisk skjer bak dørene dei fleste av oss aldri ser bak.

Når svaret alltid er «det fikser du», sit ein att med eit spørsmål som serien aldri heilt svarar på:

Kva skjer når ein ikkje gjer det?

Powered by Labrador CMS