Fest-hopparen som mista festen

Nils Jakob Bakke Nydal
fomo ukas advarsel notiser

Kven: FOMO-festaren

Kva: Ikkje sei ja til mange festar

Kvifor: Du mister vibbene

Det er laurdag, og eg seier ja til alt.

Første festen er varm, latteren sit laust, eg kjenner

her burde eg blitt. Men FOMO dreg meg vidare.

Andre festen er grei, folk eg nesten kjenner,

øl som smakar middels, musikken endå meir.

Eg merkar allereie at eg gløymde noko bak meg.

Tredje festen er eit rom eg ikkje trengte.

Høge stemmer, låg energi. Eg stirer på klokka

og tenkjer berre på korleis den første festen var.

Sanninga slår meg midt i natta:

Det er betre å danse seg svett ein stad,

enn å dele sjela si i tre og aldri kome heilt fram.

Powered by Labrador CMS