
Krf: 2000 studentbustadar i året
...og meir enn hundre tusen i året i studielån.
Vil Krf gå ut med nokre garantiar i forskings- og utdanningssaker, om partiet kjem i regjering?
Vi vil ha ein forpliktande opptrappingsplan for å nå målet om at tre prosent av bruttonasjonalprodukt skal gå til forsking og høgare utdanning.
– Det vi er klare på er at vi vil ha ei satsing på høgare utdanning og forsking gjennom auka basisfinansiering. Vi vil ha studiestøtte i elleve månader, og jobbe med ein forpliktande opptrappingsplan for å nå målet om at tre prosent av bruttonasjonalprodukt skal gå til forsking og høgare utdanning.
Tusenvis av studentar står kvar haust i kø for studentbustad i Oslo. Kva vil Krf gjere for at fleire skal få ein stad å bu?
– Vi vil bygge 2000 studentbustadar i året, og oppheve kostnadsramma for bygging av studentbustadar.
Kor mange gongar grunnbeløpet i Folketrygda bør tilskot frå staten i form av stipend og lån ligge på?
– Studielånet bør ligge på grunnbeløpet gonger 1,5, dvs om lag 109 321 kr i året.
Er Noreg tent med at store høgskular vert gjort om til universitet?
– Det bør ikkje vere eit mål i seg sjølv å verte universitet. Ein bør satse på å styrke høgskulene som sjølvstendige institusjonar. Dei har ein viktig funksjon knytt til profesjonsutdanninga. Det bør leggast inn insitament som gjer at det lønner seg både faglig og økonomisk å vere høgskule.
Kva kan gjerast for å sikre internasjonalisering ved dei norske institusjonane for høgare utdanning?
– Internasjonalisering må verte ein naturlig del av høgare utdanning. Vi har mellom anna foreslått støtte til det såkalla freshman year ved utanlandske universitet og studiar i ikkje-vestlige land, heve stipenddelen i skulepengestøtta for heilgradsstudentar på bachelornivå til 70 prosent og å styrke kvoteordninga for studentar frå utviklingsland.
I kva grad bør det foregå undervisning på andre språk enn norsk på norske utdanningsinstitusjonar?
– I takt med den aukande internasjonaliseringa er det ikkje unaturlig at for eksempel engelsk vert eit viktig språk. Det er likevel viktig å verne om det norske språket også i akademia.
Kor skal desse pengane eventuelt hentast frå?
– Dette vil vere ei heilskapsvurdering ut frå den konkrete budsjettsituasjonen. Krf ser ikkje føre seg kutt i sektoren for forsking og høgare utdanning om den økonomiske situasjonen fortset som no. Det er eit behov for satsing, og det gjer ein ikkje gjennom å løyve mindre pengar.
Kva andre av Krf sine kjernesaker trur du studentar er opptekne av?
– Eg trur studentvelferd gjennom gode ordningar ved fødsel og graviditet, psykisk helse og ved sjukdom er viktig for studentar. Studentar er i ein fase kor dei er eller skal verte småbornsforeldre, og vi meiner å ha den beste familiepolitikken. Eg trur óg at miljø og bistandspolitikken vår er viktig for studentar sidan dei er engasjerte og opptekne av rettferd og framtida.